– Like over gangbrua ved Bremstølen blir det bygd ein 16x2/12x2 meter betongdemning

VERN: SV vil ikkje ha utbygging av Hellandselva. (Arkivfoto).

VERN: SV vil ikkje ha utbygging av Hellandselva. (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Lesarbrev:SV meiner det er av langt større verdi å verna Bremstølen og Hellandselva mot kraftutbygging enn å gje konsesjon til ei kraftutbygging som SKL sjølve, i sin søknad til NVE s. 44  skriv «vil øke skatteinntektene til kommunen marginalt..» og «Vurdering: Liten positiv konsekvens(+).»

Bremstølen er derimot eit av dei aller mest besøkte turmåla i Kvinnherad kommune, lett å nå, i gangavstand frå det mest folketette området i Kvinnherad. Stien frå Hellandskrysset til Bremstølen er særs vakker, eit nært og kjært turmål heile året. Den fint tilrettelagte stien er lett å gå, og mykje nytta av folk i alle aldrar, så vel etter skule og arbeid, som i helgar. Bruken gjev folkehelsegevinst i brei forstand i form av rekreasjon, trim, sosial aktivitet, friluftsliv, jakt, fiske og opplevingsverdien vassdraget inneber. Ikkje rart at Bremstølen i Hordaland fylke si kartlegging av friluftsområde er  vurdert til «Svært viktig friluftsområde» med «Stor brukarsekvens».

Konsekvensane av den omsøkte kraftutbygginga i Bremstølen og Hellandselva vert at vatnet, der det renn fritt og viltert over berg nedstraums, blir gjort om til ein sildrebekk. Like over gangbrua som kryssar elva ved Bremstølen blir det bygd ein 16x2/12x2 meter betongdemning, og eit lukehus på 9m2. Sumarvassføringa bli redusert til 200 liter i sekundet, som tilsvarar vassføring frå eit lite badekar. Om vinteren vert vassføringa i elva på 85 liter i sekundet, som tilsvarar vassføring frå eit lite akvarium. Berre 42 dagar i året vil det vera minstevassføring i elva. Dei øvrige 323 dagane vil elva vera redusert til ein sildrebekk.

Anleggsarbeidet i det sårbare berglandskapet ved Bremstølen vil innebere eit varig inngrep i kjernen av turmålet ved Bremstølen og pauseplassen for dei som har turmål lenger inne i fjellet. Bremstølen er ein mykje nytta inngangsport til Husnesfjella som er eit samanhengande 52 km2 stort urørt fjord og høgfjellsområde som strekker seg frå Matrefjorden til Ulvanåso , Englafjell og Mjelkehaug . Dette er eit viktig lokalt og regionalt friluftsområde i følgje Fylkesplan for småkraftverk i Hordaland 2009 – 2021. Området er omkransa av bygdene i ytre luten som saman utgjer det mest folketette området i Kvinnherad. Innbyggerane her kan nå turmål rett utanfor stovedøra, utan fyrst å køyre bil, og er såleis både miljø og klimavenleg tilrettelagt, der folk bur og lever.

Hellandselva er eit tydeleg landemerke i ein kommune der 90 prosent av vassdraga er påverka  av vassdragsutbygging. Hellandselva er godt synleg frå stoveglaset til innbyggarane på Husnes og gjev liv i landskapet – som ei sølje. Kraftutbygginga vil innebere at der auga i dag finne blikkfang i elva, vil blir erstatta av ei 1200 meter lang og 24 meter breitt anleggsområde der furuskogen vert fjerna og røyrgata skal gravast ned. Vidare frå anleggsområdet og 600 meter opp til Bremstølen skal borast eit hol til inntaket, som ligg over den planlagde betongdammen. Anleggsområdet  vil trenga år på å gro i følgje SKL sin konsesjonsøknad, og som alt kjent blir Hellandselva omgjort til ein varig sildrebekk.

Eining for Vatn og avløp i Kvinnherad kommune påpeikar i sin uttale at  heile utbygginga av kraftverket vil skje i nedbørsfeltet til Husnes vassverk, som forsyner 7000 innbyggarar på Husnes, Valen, Sunde, Halsnøy med drikkevatn. Vassverket tek i dag inn vatn frå Hellandselva 10 høgdemeter nedfor det planlagde kraftverket og vil gå ut over vassproduksjonen. Vidare skriv dei at dette vil innebere ureining av drikkevatnet i byggefasen i form av utslepp av drivstoff og olje frå anleggsmaskinar og utstyr, grumsete vatn og kjemisk ureining av elva som følgje av sprenging og betongarbeid.

Kraftutbygginga vil ha negative konsekvensar for lokalt friluftsliv, rekreasjon og folkehelse i brei forstand og svekka Husnes sine kvalitetar kva gjeld tilflytting og turisme. Aktivitetsferie og turisme basert på friluftsliv, jakt og fiske er eit viktig satsingsområde på Vestlandet, også for Kvinnherad. Kraftutbygginga vil svekke grunnlaget for denne nisjen. Mellom anna er Husnes Båthamn ein svært populær destinasjon for tilreisande. Nedbygging av eit lokalt turmål som Bremstølen, som ligg i gangavstand frå Husnes Båthamn, vil vera negativt i høve denne målgruppa. Hellandselva er vidare godt synleg landemerke for båtturistane,  og eit vakkert skode frå Båthamna. Dette vil med ei kraftutbygging bli erstatta av eit betydeleg anleggsområde opp lia, og elva vil forsvinna i borehol og røyrgate under jorda.

SV vil i kommunestyremøtet på torsdag 30. november stemme nei til å gje SKL konsesjon til denne kraftutbygginga. SV vil i tillegg støtte og skrive under på ein felles uttale til NVE innan 3. desember, frå lag og organisasjonar lokalt og regionalt som er imot denne kraftutbygginga. SV vil hevda at vassdraget Hellandselva og Bremstølen har ein langt breiare og større samfunnsmessig  verdi og potensiale enn det SKL  skriv på side 44 i sin kosesjonssøknad:  «… vil øke skatteinntektene til kommunen marginalt»  og  «Vurdering: Liten positiv konsekvens(+).»

Kvinnherad SV

Hege Røssland

Elisabeth Croles

Marit Teigen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags