«Varselet gjaldt kritikkverdige forhold, der kommunen sin administrasjon braut med vedtak som kommunestyret hadde gjort»

Av
DEL

MEININGAR Innspel til politikarane i Kvinnherad:

Det var med stor glede eg las i den nyleg framlagde samarbeidsavtalen mellom Ap, SF og Sp, at ansvarlege politikarar i Kvinnherad kommune no vil vurdera husleigesatsane og husleige-politikken på nytt. Dette har også tidlegare vore lova frå kommunestyret sin talarstol, men diverre utan at så har skjedd.

Denne gongen håpar eg verkeleg at det skjer.

I samband med husleigesatsar/husleigepolitikk, så sende eg eit varsel til politikarane den 08.12.17. Varselet gjaldt kritikkverdige forhold, der kommunen sin administrasjon braut med vedtak som kommunestyret hadde gjort. Om de ønskjer å lesa nemnde dokument, så vil de finna mange konkrete opplysningar der – som kan bidra i gjennomgangen de ønskjer. Eg kjende forholda godt, då eg i mange år jobba både med utleige av bustad til vanskelegstilte- og samtidig hjelpte dei med forvaltninga av økonomien sin.

I samband med kommunevalet i haust hadde Kvinnheringen samtalar med nokre politikarar. Samtalar som vi kunne lytte til via nettet, og som eg fann svært interessante. Ein av politikarane Kvinnheringen snakka med, var Gaute Lund, som mellom anna fortalde at han var oppteken av temaet makt/avmakt. Dette er eit svært viktig tema å halda oppe – kvar dag, for alle som jobbar i det offentlege – og særleg for dei som sit i leiande stillingar. Når det gjeld husleigespørsmålet i høve utleige til personar som slit på så mange område i livet sitt, så har administrasjonen her utøvd ei makt overfor personar som ikkje evnar å gjere rettane sine gjeldande. Då er det enno viktigare at den som utøver makt, ser til at det ikkje vert utøvd misbruk av makt.

Eg må vidare også seia at det var fantastisk kjekt å få framlagt eit så tydeleg dokument over kva dei leiande politikarane i kommunen vår ønskjer å prioritera. Ikkje minst var det kjekt å sjå at den eine overskrifta er «Sosialpolitikk». Dette er noko eg har venta på, og ønskt, lenge, at saker som gjeld kvardagen til grupper av personar i samfunnet vårt som har det vanskeleg, endeleg skal koma på dagsorden hjå dei som kan bidra til å gjera noko med desse forholda.

Når det gjeld husleigepolitikken elles, så vil eg hevda at kommunen eig og disponerer altfor mange bustadar. Det er ikkje naudsynt for kommunen å leiga ut bustad til personar som har høve til å leiga på den private bustadmarknaden.

Eg ønskjer lukke til med gjennomgangen av husleigepolitikken, og særleg i høve dei altfor høge husleigene, sett i forhold til standard på bustad, vanskelegstilte sin økonomi, og den unødvendig utvida «byråkratiseringa» (les; kommunal bustøtte).

Møyfrid Kristoffersen

Uskedalen, 29. januar 2020


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken