Gå til sidens hovedinnhold

Festidalen – eit fellesprosjekt?

Artikkelen er over 3 år gammel

Sveinung M. Pile, ein av dei som grunnla Festidalen, er skuffa over både lokalavisene og Kvinnherad kommune. – Aldri har eg personleg følt at dette prosjektet har hatt så mykje motbør som no, skriv han i dette lesarinnlegget.

LESARINNLEGG Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I 2003 starta underteikna og nokre andre opp det som no er Festidalen slik vi kjenner den. Undervegs har det vore fantastiske opplevingar og store utfordringar. Vi hadde lite erfaring og var risikovillige i starten, men klarte alltid å gje festivalpublikummet gode opplevingar. Vi starta dette prosjektet fordi vi meinte at kulturtilbodet for ungdom i Kvinnherad var dårleg på den tida. Vi ville òg ha vår eigen festival.

Gjennom åra har vi lært av feila våre. Vi har utvida tilbodet, og år etter år har vi hatt store namn, blanda med ukjende «diamantar», på plakaten. Sidan 2005 har vi medvite satsa mot ungdom og barn, der dette har tatt den forma det har med Festidagen, Lambasleppet og andre aktivitetar. Det har alltid vore plass til born og unge i dugnadsprosjektet Festidalen. Heile vegen har Festidalen spelt på lag med lokalsamfunnet, fordi vi veit at det er grunnen vi står på. Vi har frå dei fyrste åra vendt oss til kommunen og næringslivet for å inngå samarbeid, til fordel for eige arrangement, Kvinnherad og sponsorar.

Aldri har eg personleg følt at dette prosjektet har hatt så mykje motbør som no. Busett i Eid kommune, har eg lese begge lokalavisene i Kvinnherad med undring sidan i sumar. Avisene nyttar veldig mykje spalteplass, sterke ord og overskrifter med negativt forteikn, på saker som vanlegvis slepp lettare unna. Til tider har òg sakene vore dårleg undersøkte og skrivne på tynt grunnlag. Mi oppleving av dette er at det over natta er blitt greitt å «angripa» Festidalen utan å gjera eit godt journalistisk arbeid. Dugnadsprosjekt som Festidalen er skjøre, og krev at alle partar er ansvarlege for å ikkje øydeleggja prosjektet. Ta eit søk på internett etter saker om Festidalen frå i sumar og fram til i dag – det er dyster lesnad.

Det er òg spesielt å ha innsyn i dialogen omkring handsaming av skjenkesøknadar og skjenkerapportar, der ein nyttar ei «ovanfrå og ned»-haldning til det Festidalen veit, erfarer og meiner om skjenking på festivalområdet. Eg opplever ikkje dette som ei profesjonell oppfølging av det som burde vera ein viktig samarbeidspart for Kvinnherad kommune. Tvert imot opplever eg det som ei irettesetting av nokre irriterande ungdommar som ikkje vil høyra på «fornufta». Det er ingen fasit på korleis ein handhevar skjenkereglar. Om reglane skal tolkast slavisk, betyr det slutten for alle festivalar i Norge der ein serverer alkohol. Alle arrangørar er avhengige av inntektene frå sal av drikke. Festidalen krev ikkje anna enn å bli handheva på lik linje med festivalar andre stadar i Noreg.

Festidalen er eit kulturarrangement som eg veit er betre organisert enn mange andre dugnads-drivne festivalar det er naturleg å samanlikna oss med. Når eg så les kva einskilde vel å skriva om arrangementet, blir eg sint. Ved å angripa og snakka ned Festidalen, rakkar ein ned på personar som sit i styret og organisasjonen. Dei undergrev òg prosjektet og betydinga det har for Kvinnherad kommune. For eit arrangement på Festidalen sin storleik har vi nærast ei perfekt historie å sjå tilbake på. Så vidt vi veit er det ingen hendingar der skjenking av mindreårige (ingen dokumenterte!) har skjedd, det har vore særs få valdsepisodar og lite fyll i forhold til storleiken på arrangementet. Kor mange mindreårige er på Festidalen? Våre tal syner 211 stk (2017) under 18 år fordelt over begge dagane. Berre 41 av desse er mellom 13 og 17 år. Vi organiserer vakthaldet og har ikkje fått inn truverdige rapportar på inntak av alkohol. Sjølvsagt har Festidalen nulltoleranse på alkohol til mindreårige, og jobbar beinhardt for å følgja det opp. Samtidig er det mogleg å snika seg inn på festivaljordet, eller å lura med seg inn drikke eller drikka alkohol før ein snik seg inn. Men Festidalen har god kontroll, og vi veit at det er svært få, om nokon, av desse 41 som er registrert inn, som får tak i alkohol inne på vårt område. Så er då problemet heller at desse 211 ser vaksne som er skjenka? Vel, desse få det gjeld har anten kome inn fordi dei jobbar dugnad for Festidalen, eller fordi dei har kjøpt seg billett i lag med foreldra for å oppleva favorittartisten på Festidalen. Er det festivalen sitt ansvar å overprøva foreldra sitt ansvar og dermed nekta musikkinteressert ungdom å besøkja Festidalen? Vi har namn på alle som er inne, og nokon i Festidalen kjenner dei aller fleste. Eg meiner bestemt at ei helg i året toler born og unge å sjå vaksne som hyggjer seg på festival. Størstedelen av publikummet vårt er jo oppegåande vaksne som oppfører seg heilt fint, sjølv med alkohol innabords. Det vi ser, er menneske som er si beste utgåve av seg sjølv, som hyggjer seg og oppfører seg bra. Vi har vakter, frivillige og profesjonelle, som tar tak i uønskt åtferd dersom nokon har fått i seg for mykje alkohol. Festidalen ventar at vaksne syner omsyn til at dette er eit familiearrangement. Det burde òg politikarar, administrasjonen og andre stemmer i denne saka ta innover seg.

Eg ønskjer i større grad at ein forstår at dialog og samhandling er vegen å gå, ikkje angrep og irettesetjing. Vi har trass alt drive med dette i 15 år. Politiet har alltid gitt oss gode skussmål.

Eit arrangement som Festidalen skal tiltrekkja seg ungdommar. Spesielt dei under 18. Dette er helga populærkulturen kjem på besøk til Kvinnherad. For ungdom som likar musikk er dette den helga i året dei må få delta! Enda fleire foreldre burde tatt med seg familien heller enn å prioritera fest. Vi ynskjer oss mange fleire born og unge framføre scena vår. Det same vil mange av artistane våre. Festidalen er ein fantastisk arena for læring og oppleving, både for publikum og frivillige. Og så skal vi slutta med det? Det er eit risikabelt val for Festidalen. Kven under 18 år vil jobba frivillig for Festidalen, utan å sjølv kunna sjå og oppleva festivalstemninga på jordet?

Som tidlegare skrive er eg no busett i Eid kommune i Nordfjordeid. Der heiter festivalen Malakoff Rockfestival. I år var der 27.000 menneske inne på festivalen. 5.800 av desse bur på ein av Noregs største festivalcampar. Min jobb er å organisera denne campen. Festivalområdet har fri aldersgrense, men barn under 12 år må gå inn gjennom porten i følgje med ein vaksen. Festivalen har to skjenkeområde, men det er fri passasje gjennom «familiesona» som ligg mellom dei to scenene. Det er 2.500 barn og unge under 18 år innom festivalen på Eid. Det som skil Eid og Kvinnherad er evna til å samarbeida og å sjå det store bildet, samtidig som ein forbetrar detaljane. Sidan dei fyrste åra har ordførar, brannetat, politi, tekniske tenester, Røde Kors, bedrifter, organisasjonar og sjukehus samarbeidd om dette prosjektet. Dei er ikkje opptekne av å snakka ned eller avgrensa det, men forstår at samarbeid er til alle sitt beste. Malakoff er det viktigaste fellesprosjektet som er her, og i heile Sogn og Fjordane. Det involverer 1.000 frivillige. Det er eit inkluderingsprosjekt for flyktningar og andre som treng litt hjelp i livet.

Eg har spurd ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, om kva han tenkjer om sin festival:

Det eg (Alfred Bjørlo) kort sagt tenkjer, er at ein slik festival er utruleg viktig for Eid av mange grunnar – både som eit enormt viktig treffpunkt for ungdom, som eit felles løft som samlar heile kommunen (dugnad som kraft for å utvikla lokalsamfunnet) – og som ein identitets-markør som vi alle ber med oss når vi er utanfor Eid. Så Eid kommune har prøvd å ha med oss også som organisasjon denne filosofien om at Malakoff er viktig for Eid – difor er festivalen viktig også for Eid kommune – fordi vi er til for bygda.

Eg beklagar å måtte seia det, men slik har eg aldri opplevd at Kvinnherad kommune tenkjer. Kanskje kommuneleiinga i Kvinnherad burde stilla seg spørsmåla «kva ynskjer vi med Festidalen?» og «kva kan vi hjelpa festivalen med?».

Kvart år har Malakoff Rockfestival minimum to møte med kommuneleiinga med ordføraren i spissen, i tillegg til mange andre treffpunkt. Ein evaluerer arrangementet, snakkar om kva og korleis ein kommuniserer til innbyggjarane sine av relevant informasjon kring arrangementet, og ein legg planar for neste års festival og kva ein bør forbetra og utvikla seg på. Ikkje éin gong har Kvinnherad kommune tatt eit slikt initiativ. Det er skuffande. I Eid inkluderer ein òg festivalen i kommunen sitt kriseteam i forkant av festivalhelga, slik at ein er best mogleg rusta om noko skulle skje. Eg som har vore styreleiar sidan 2003–2016 har aldri vore informert om eit slikt møte i Kvinnherad!

Også i Eid er festivalsjefen klar på at ein festival skal ha fri aldersgrense. Alle skal ha lik rett til å sjå sine artistar og oppleva festivalstemninga. Han understrekar òg verdien av fri aldersgrense som er så viktig for å dempa den mest utagerande festinga. Vaksne har ein tendens til å ta seg saman når barn og unge er blant dei. Og igjen, det er foreldra sitt ansvar å snakka med barna sine om kva ein forventar av dei. Det er òg foreldra sitt ansvar å sjå til eigne barn. Er du som forelder uroa, då går du sjølv på festivalen og passar på. Det er ikkje ei oppgåve arrangøren har ansvaret for. Som arrangør kan ein berre leggja best mogleg til rette.

Kva er så konsekvensane av å endre aldersgrensa? På sikt vil det bli meir fest og mindre festival, det er det fleire gode eksempel på. I tillegg vil vi få problem med rekruttering av frivillige. Men det verste er at ungdom ikkje får tilgang til den einaste rockefestivalen i Kvinnherad.

Kunne vi i Festidalen gjort noko annleis? Ja, sjølvsagt. Det mest sentrale er nok gjerne at vi kunne kommunisert enda betre ut kva prosjektet vårt dreier seg om og kva rammer og forventningar vi har til frivillige og publikum. Vi har respekt for at folk er usamde med oss, men eit fellesprosjekt har behov for at folk involverer seg og jobbar saman om å finna gode løysingar. Eg utfordrar alle som har sterke meiningar om Festidalen til å melda seg som frivillig for å oppleva festivalen frå innsida. Hjå oss er alle velkomne. Spesielt ungdommen.

Denne hausten har vore tung for Festidalen. Omdømet vårt er skadd, lysta til å jobba med prosjektet er mindre, og litt av positiviteten er borte. Vi skal kjempa for at Festidalen lever vidare, og både håpar og trur at magien på jordet skal fortsetja. Men det vil vera meir trass i, enn på grunn av, støtta frå lokalavisene og Kvinnherad kommune.

Sveinung M. Pile,

ein av Festidalen-gründerane.

Kommentarer til denne saken