«Det hadde vore fint om forskarane i Rosendal får rett i at det vert varmt, då kan mine etterkomarar dyrka frilandstomat og vindruer»

Av
DEL

MEININGARFor ei tid sidan var der ein heil del forskarar som møttest i Rosendal for å fortelja oss korleis me kjem til å ha det om hundre år. Mellom anna kan me lesa at då er Folgefonna heilt borte. Kan dei ha hatt med seg ein kjent sjaman? Dei kan jo mykje om framtida. Om dagen i går og åra før kan forskarane mykje, og det er ofte interessant lesnad. Om dagen i morgon og om hundre år kan dei akkurat like mykje som du og eg, altså ingen verdas ting. Dei lagar prognosar i haugevis der dei reknar ut at dersom me gjer slik så vert det slik. Kasta lika godt terning. Det var nett eit program i fjernsynet der ekspertane i ei anna sak innrømma at dei ikkje hadde peiling på dataframtida, men at det vert enorme endringar, det visste dei.

«Eg skal spå at om hundre og fem år er breen komen omlag ned i Bondhusvatnet», det klarer kanskje klimastreikarane å få til. Elles er det vel ikkje så ille om me får det noko varmare, der lever jo folk over alt på jorda, det er berre promillar som har det so surt og kaldt og felt som oss her nord. Eg høyrde forresten ein forskar som for nokre år sidan fortalde om korleis det vart når istida kom att, men han var så fornuftig at han nemnde ikkje årstal. Då ville isen fylla Sognefjorden og skubba alle bygdene ut i Nordsjøen. Han er nok den som får mest rett, det har jo hendt med jamne mellomrom.

Det hadde vore fint om forskarane i Rosendal får rett i att det vert varmt, då kan mine etterkomarar dyrka frilandstomat og vindruer. Og skogen kjem att på Hardangervidda, ein kjempefordel, då slepp me betala milliardar ut av landet for å verna skog i Brasil. Synd å ikkje få vera med på det.

Johs. Bondhus

Artikkeltags