«Fleire parti har sagt at når tunnelen vert gratis, vil ein støtta ferjeruta Sunde–Jektevik»

Av
DEL

MEININGARInterpellasjon om ferjestø Kvinnherad–Stord:

I sist kommunestyre hadde eg oppe føljande spørsmål:

– Kva er status for ladestasjonane på Ranavik og Skjersholmane?

– Kan kommunestyret få sak om val av ferjestø mellom Stord og Kvinnherad i junimøtet?

Ordførar svara i møteprotokollen:

– Status for ladestasjon i Ranavik er at arbeidet er starta opp. Fylkeskommunen har ikkje formelt stadfesta dette, men ordførar har trekt denne konklusjonen etter å ha vore på ferjekaien i samband med ei reise.

– Det vert møte med Hordaland fylkeskommune 13.06.19 for å drøfta saka, og ordførar vil komma attende til saka etter det.

Det er fint at ordføraren har møte med Fylkeskommunen, men i dag står vedtaket som tidlegare kommunestyre har bestemt; ferja mellom Kvinnherad og Stord skal gå mellom Ranavik og Skjersholmane.

Fleire parti i Kvinnherad har sagt at når Halsnøytunnelen vert gratis, vil ein støtta ferjeruta Sunde–Jektevik. Den ser no ut til å bli gratis om kort tid, og då må saka opp i kommunestyret så raskt som mogleg. Skuffande nok kom ikkje dette opp på sakskartet i kommunestyret i mai eller no i juni. Uavhengig om det er for seint eller ikkje å flytta på ladestasjonane, må kommunestyret i Kvinnherad gje signal til Fylkeskommunen om kva alternativ ein no støttar. Forslaget mitt er at kommunestyret vedtek ferjeruta Sunde-Jektevik og ber om å snarast få utgreidd kva som skal til for å gjennomføra dette.

Eg vil venlegast be om at denne saka vert debattert og stemt over i kommunestyret på torsdag den 20. juni.

Gretha Rød

Kvinnherad Arbeidarparti

Artikkeltags