«For all del, det er bra at ungdom bryr seg, men dette har dei ikkje eit fnugg greie på»

Av
DEL

MEININGAR

Når alle seier det same er det ingen som seier noko vettig. Ungar og ungdomar kan ein få med på alt berre dei har det moro. Sjå på IS der dei vert manipulerte og indoktrinerte endå til å vera med og halshogga folk. Eller ein annan stad i 1930-åra, alle veit om det, utan for mykje samanlikning.

For all del, det er bra at ungdom bryr seg, men dette har dei ikkje eit fnugg greie på. Men dei fekk gå i tog, måla plakatar og koma på fjernsyn, og alle hadde det moro.

Dei byrjar i feil ende. Me skal slutta å ta opp olje, slutta med gruvedrift, slutta med lakseoppdrett, slutta byggja vasskraft, slå i hel kyrne – dei fis for mykje, slutta med ditt og datt, utan å ha eit einaste vettig forslag. Kven er det som manipulerer dei til dette? Lærarar, foreldre, media? Dessutan fekk dei skulefri, det var gildt for mange. Det einaste dei kan læra seg er å ikkje kasta bosset i naturen, det er bra.

Det er vel ikkje rett ende å byrja i å slutta å produsera. Først må ein slutta å forbruka, so vert produksjonen automatisk borte. Etter demonstrasjonen kunne dei gått heim til foreldra sine og sagt at no må me slutta med tre-fire turar i året med fly på luksusferie, ikkje skifta mobilen og dataen to gonger i året, slutta med å kjøpa siste mote i sko og klede kvar månad, ikkje mobba dei som ikkje har rett jakke den dagen, ikkje kasta ut møblane og kjøkeninnreiinga kvart tredje år og erstatta med ting som berre varer ei kort tid, ikkje byggja hytter større enn huset heime, me vil ikkje ha idrettshallar og går heller i skogen og plukkar blåbær, ikkje kasta halvparten av etande mat, og forlanga at foreldra aldri meir kjøper elbil som er årsak til at ungar døyr i massevis i koboltgruene, ifølgje siste fredsprisvinnar. Lokalt gå i tog i Rosendal for å nekta alle cruiseskip å koma hertil i 2019. Få med Opdal. Kva kosta det i utslepp berre med berginga på Hustadvika for denne tullereisinga? Blokkér hamna! Slutt med å fylla opp flya med billeg brennevin som skal seljast i taxfree-en.

Dersom du tar deg tid til å sjå på Flightradar 24 som viser fly i lufta over heile jorda så er der tusenvis oppe hele tida. Andre tusenvis står og ventar på flyplassane. Desse er mest oppfylt med 80 prosent fjollereisande turistar, 10 prosent av politikarar som reiser på konferansar verda rundt for å læra noko dei kan frå før og produsera papir utan nytteverdi, eller U-hjelparar med sjekkhefta. Kanskje berre dei siste 10 prosent er nødvendige reiser. Då hadde det minka på flya i lufta.

Reporterane i TV er altfor forsiktige, men éin spurde om nokon av ungane hadde vore på sydenturar, og fekk litt unnvikande svar. Ei sa at det var no eit personleg val. Ja akkurat, alt er vel det!

Gå tilbake til då me var unge: Eg har ein kommode som besten laga i eik for 85 år sidan, akkurat lika god no og om hundre nye år, skuffene har gått ut og inn femti tusen gonger. Me gjekk i klede og sko til det mest ramla av oss, so langt som til Bergen reiste berre dei som var dødssjuke på sjukehus. Mest ingen hadde bil, det var så miljøvennleg at du kan mest ikkje tru det.

Eit forslag: Skal ein hjelpa miljøet må ein ta det heilt unyttige først. Vanlege folk bør berre få reisa på utanlandstur kvart fjerde år, har ein slekt ute kan ein få éi reise i året, dersom slektningar ligg for døden kan ein få løyve oftare. Slutt å kjøpa gjenstandar av aluminium, råstoffet er henta i slumstrøk i andre land (eg var med på det ein gong i tida). Kanskje det er blitt betre no, eg veit ikkje. Slutt å kjøpa noko du ikkje er 110 prosent sikker på at du treng, for so å kasta det neste dag. Men stopp no litt, hadde alle levd som oss gamle gnitalusene, korleis hadde det gått då? Kva med den millionen ungjenter i Kina som plukkar saman mobilane våre, 12 timar dag, 7 dagar i veka? Eller dei svære skipa med containerar fulle av skrot (og nyttige varer) til heile verda? Eller butikkane våre som ikkje hadde fått selt skrotet? Kor skal ein få mjølk når alle kyr som fis er slegne i hel? Drikk brus, den er miljøvennleg med miljøvennlege plastflasker. Eller flyfabrikkane, kor hamnar dei? Lista kan gjerast uendeleg. Kva har hjelpt mellom anna Kina ut or fattigdom, slik at dei no snart har same levestandard som oss? Handel! Berre i mi tid svalt der år om anna nokre hundre tusen i hel der. Kva skal me leva av til slutt, utdanna fleire sosionomar? Eller klippa kvarandre? Resten kan sitja på sosialkontora og dela ut pengar til dei som ikkje gjer nyttig arbeid. Men kor skal pengane koma frå når produksjonen og handel stoppar og alle vil ha det moro med å gå i protesttog? Høyr på ungane, dei har svara, og uansett er me her i Noreg berre 0,01 promille av problemet.

Johs. Bondhus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags