Om sal av KE: «Dette er ein del av arvesølvet vårt som me pliktar å ta vel vare på»

Av
DEL

MEININGAR:Ja, Irene Nielsen-Sjo. Du har heilt rett. Å selja delar av Kvinnherad Energi (KE) til BKK eller HK er meiningslaust. Dette er ein del av arvesølvet vårt som me pliktar å ta vel vare på, pussa og stella godt med. Og det er jo rett å spørja kvifor BKK og HK vil kjøpa denne delen av KE: Jo, dei ser at dette tenar dei pengar på, og ikkje for å vera snille med oss kvinnheringar. Så kvifor ikkje la dei inntektene vera her, lokalt i Kvinnherad? Kommunen har ein gong før avhenda ein stor del av arvesølvet, nemleg aksjane i SKL. Og for å administrera det såkalla Kraftfondet har ein etablert eit investeringsutval. Det er sikkert ikkje gratis, og ein må i tillegg nytta konsulentar for summar som eg ikkje kjenner til, men me veit jo at slike folk skriv rekningar med veldig brei gaffel. Dersom desse aksjane framleis hadde vore i kommunal eige ville verdien på dei vore om lag éin milliard kroner no. Og ein kunne sitja i ro og mak på rådhuset og sjå at det tikka inn eit utbyte på omlag 25 millionar kroner kvart år, utan å nytta så mykje som ei krone på konsulentar. Så, nok ein gong gode politikarar, la den delen som er att av Kvinnherad kommune sitt arvesølv verta verande i kommunen si eige. Det er til det beste, både for dei tilsette i KE, for Kvinnherad kommune og for oss som får bu i denne flotte kommunen.

Lennart Sortland

Artikkeltags