«Sal av nettdelen i Kvinnherad Energi»

Av
DEL

MEININGARDet gjeld artikkel i Kvinnheringen den 8/5.

Først ein merknad til den juridiske sida av denne saka.

Kvinnherad Energi A/S har éin eigar, og det er Kvinnherad kommune. Og på generalforsamlinga har eigaren ei røyst. Det står i KE sine vedtekter, vedteke av Kvinnheerad kommunetyre, at kommunestyret skal vera generalforsamling, og det er ikkje heilt rett. Ordføraren burde møtt, som den eine røysta kommunen har på generalforsamlinga i KE A/S. Og då burde han møtt der med instruksjonar frå eit fleirtal i kommunestyret. Det ville vore rett. På den tida var eg leiar i kommunerevisjonen, og eg tok dette opp med både administrativ og politisk leiing, men eg vart ikkje høyrd. Kommunen treng ikkje eit høgt profilert advokatfirma for å finna ut av dette. Sunn fornuft er nok. Dei skriv jo som kjent rekning med veldig brei gaffel.

Og så tek eg opp att det eg skreiv i eit tidligare innlegg. Kvifor ynskjer BKK og HK å overta nettet til Kvinnherad Energi A/S? Jo, dei dei ser at dette kan dei tena pengar på. Igjen sagt: La desse inntektene få vera her dei høyrer heime, nemleg i Kvinnherad, til glede både for dei tilsette i KE A/S, for eigaren som er Kvinherad kommune og for oss som bur i denne flotte kommunen.

Lennart Sortland

Artikkeltags