Grøft eller veg?

Av
DEL

MEININGAR:

Baroniet i Rosendal er ein stor attraksjon og noko som kjem heile bygda til gode med alle sine flotte tilstellingar gjennom året. Men medaljane har ofte ei bakside. På eine sida er det fint stelt med parkeringsplass og veg oppover forbi garden.

På den andre sida av eigedomen, mot elva, går det òg ein veg som eg reknar med er baroniet sin private, men kanskje med vegrett for andre òg. Eg har vel ikkje lov til å køyre den private vegen, men har gjort det ein og annan gong for å besøka kjenningar ovanfor.

Det er mildt sagt ei skrekkoppleving, og kan ikkje samanliknast med anna enn ein elendig grusa anleggsveg. Ikkje noko å visa turistane i alle fall. Der er òg ein veg opp forbi prestegarden, men der er brua oppe over elva stengt, og har vore det i årevis. Om denne er privat eller kommunal veit eg ikkje. Er den privat har eg vel uansett ikkje lov å køyre den vegen heller. Går ut frå at desse vegane er kjent for baronileiinga, eller eventuelt kommunen, så her har einkvan noko å ta fatt i.

Kan nokon svara på dette?


Johs. Bondhus,

Dimmelsvik.

Artikkeltags