Budsjett 2019

Av
DEL

MEININGAR:Kvinnherad er ein stor kommune med både sentrale- og utkantstrøk. Som innbyggjar i Kvinnherad er eg glad for at eg bur i ein kommune der kommunestyret har vore oppteken av å oppretthalda mange tilbod – ikkje berre i sentrale strøk, men også i utkantane.

Som tilsett i skulen er eg spesielt oppteken av skule og barnehage. Sjølv om fleire skular er blitt lagt ned dei siste åra, er det framleis mange skular i Kvinnherad. Det er dyrt å drifta så mange skular!

Barnetalet har gått ned, og difor også tilskotet kommunen får frå Staten. Sjølv om det blir to-tre færre elevar på ein skule er talet på klassar vanlegvis det same, og den enkelte klassen treng framleis like mange lærartimar. Det er det vesle ekstra – til hjelp for elevar som treng litt ekstra støtte – som det stadig vert mindre av når ressursane vert reduserte.

I haust vart Lærarnorma innført. Den seier at det ikkje skal vera fleire enn 16 barn i snitt per lærar i kvar gruppe på 1.–4. trinnet og ikkje fleire enn 21 i kvar gruppe på 5.–7. Dette høyrest flott ut, men det vil IKKJE seia at dette er makstalet elevar i ei gruppe!! Dersom ei gruppe på t.d. 20 elevar på 2. trinnet er delt i to med kvar sin lærar fire timar, vil snittet på elevtalet gå ned, og skulen er innafor norma på 16 elevar per gruppe. Men dei 20 elevane har berre ein lærar i dei andre 21 timane.

I Kvinnherad er det seks av 15 skular som har fleire årskull i same gruppe. Lærarnorma tek ikkje omsyn til dette. På ein slik skule kan det også i snitt vera 16 elevar på 1., 2., 3. òg 4. trinn til saman, og i praksis mange fleire i dei fleste av skuletimane i løpet av veka. Det er ei betydeleg forverring frå tidlegare normer.

I Kvinnherad fører den nye Lærarnorma ikkje til særleg mange fleire lærartimar. I praksis vil kommunen tapa på det. Ressursane som kommunen fekk til tidleg innsats dei siste åra, gjorde at også klassar med færre enn 16/21 elevar i snitt fekk ekstra ressursar for å hjelpa barn som trong litt ekstra. Desse ressursane forsvinn mest sannsynleg i 2019 for å betala for den nye Lærarnorma i bykommunane.

I Kvinnherad sitt budsjett for 2019 er det igjen forslag om å kutta i skulebudsjettet. Som tilsett i oppvekstsektoren i Kvinnherad er eg også i år spent på kva kommunestyret bestemmer seg for. Skal politikarane igjen nytta «ostehøvelprinsippet» og skjera ned litt her og der? Skal dei satsa på kvalitet eller kvantitet? Finn dei ekstra midlar for å auka rammene? Om dei ikkje lenger har råd til å oppretthalda same kvalitet som før – kva vil dei bestemme seg for då?

I tillegg er eg svært spent på dei ulike partia sine valløfte til våren. Kven vil verkeleg satsa på skule og barnehage og koma med konkrete forslag om korleis dei vil satsa? Budsjettdebatten i kommunestyret vil kanskje gje ein peikepinn alt no.

Atie Skarveland

Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Kvinnherad

Artikkeltags