«Det skal framleis bu folk i distriktet og i vår langstrakte kommune!»

Av
DEL

MEININGARDerfor må nokre av ferjerutene i regionen vår få ein ny gjennomgang.

Nokre stader i distriktet er ferjeavgangar heilt tekne bort, ferjeavgangar som er heilt nødvendige for å oppretthalda busetnaden. Ferjene er sjølve vegen til fastlandet der folk ofte har arbeid, skule og levering av varer og tenester.

Hytteeigarane er også viktige for desse lokalsamfunna. Dei bruker butikk, nyttar seg av lokale tenester og handlar lokalprodusert mat. Dei er viktige for å oppretthalda lokalsamfunnet. Hyttebygging er fleire stader aukande,og det er positivt.

Dei høge måla for klimavenlege løysingar er store investeringar som her er gjort på ferjene våre, det er store og ambisiøse klimamål, og eg håpar snøggbåtane kjem etter med same store satsinga.

Samtidig skal det leggjast til rette for små lokalsamfunn med brukande rutetilbud, derfor har eg bede Fylkesordføraren ha saka oppe på første Fylkesutvalsmøte 30. august for å sjå kva som kan gjerast for å betra situasjonen for reisande i fleire av ferjesambanda til og frå Kvinnherad og Hordaland fylke.

Synnøve Solbakken

Kvinnherad Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags