«Eg har aldri høyrt om noko som er gratis. Det er det absolutt dummaste uttrykket eg høyrer»

Av
DEL

MEININGARMen det er du og eg som skal betala det. Eg sat nett og såg debatten frå Bergen der som vanleg SV ville ha «alt» gratis, og fekk såklart applaus for det.

Først var det sagt at det er seks hundre tusen fattige born. Feil ordval, det er foreldra som er fattige så klart. Sjukdom og død kan vera ein grunn, dei skal me sjølsagt hjelpa alt me kan. Så var dei såvidt innom ei årsak, immigrasjonen. Ja når folk kjem hertil med kanskje stor familie og utan ei krone i lomma , då er ein fattig. Dei kan ikkje venta seg det same som oss, det burde vera klart for alle. Likevel får alle her til eit rimeleg godt livsopphald.

Her er òg noko som skurrar. Frå eit bestemt land er det no berre ca. 30 prosent som er i arbeid, likevel er der oppretta flyrute frå Noreg slik at dei kan reisa på ferie til landet dei har flykta frå. Samstundes vart det i fjor sendt til familiane i dette landet ca. 250 mill. kroner via det litt mystiske «hawala»-systemet som går utanom norsk bankvesen. Då hjelper det og med til å bli fattig sjølsagt.

Eg har òg eit godt døme på at me «innfødde» kan verta fattige. For eindel år sidan stod eg utanfor ein skjenkeplass og såg to smågutar som stod og sleit i klea til ein godt «på snurren» mann som ville inn, antakeleg faren. Tullingen klarte å jaga dei brutalt vekk og forsvann inn. Dei var kanskje fattige, i alle fall har skjenkeplassane gjort mange «fattige» med dei prisar som er. (Nei eg er ikkje avhalds, men har alltid hatt mat til borna).

Så var det «gratis» skulemat. Eg har aldri høyrt om noko som er gratis. Det er det absolutt dummaste uttrykket eg høyrer. Gidd ikkje foreldre og barn, som no er rekna opp til attenåringar, laga seg matpakke, så får dei jammen svelta. Det har òg vore rapportar om at elevane bruker maten til å kasta den omkring seg med i klasserommet. Kanskje skal skulane òg ha flottare kjøken enn på aldersheimane? Så kan ein slutta å kjøpa ny mobil kvart år, og moteklede kvar månad, likeeins det forb**** tullet med pengar til kameratane i klassen kvar bursdag. Ein hundrelapp til 25 kameratar kvart år – har ein då fire born er det ti tusen i året, faktisk mat i to månadar. Så skulle det, som i England, vore innført skuleuniform, slik at ikkje ungane vart mobba for kleda sine.

Og ungane må læra frå barnehagealder at du kan ikkje bruka ei einaste krone før du har tent den. Som fiskaren frå Austevoll sa: «Har katten det for godt og varmt under omnen tar den ikkje mus når den vert sleppt ut». Mine kameratar og eg kunne slettest ikkje kjøpa det me ville då me vaks opp.

Johs. Bondhus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags