«Eg likar jo fyren, og han har sine kvalitetar, men no må han vernast mot seg sjølv»

Av
DEL

MEININGAR

Ordføraren prøver desperat å kontra den grundige rapporten til Deloitte. Mogren sine uttalar i Kvinnheringen er livbøya. Kvinnheringen spør i reportasjen om Folgefonnsenteret «Mogren om han trur (…) Førland visste at [rådmannen] visste om låneatvalen då den blei signert. «– Det visste han, svarer Mogren.» Klart rådmannen visste om avtalen – den hadde vore diskutert i lang tid, også med ordføraren. Men visste rådmannen at det var skrive ein ferdig avtale, og at den var signert eller skulle bli signert? Mogren kan faktisk ikkje vita kva Førland visste om kva rådmannen visste. Skal ein skulda rådmannen for å snakka usant så må ein ha noko meir handfast. Rapporten konkluderer klart: Det kan ikkje visast eller sannsynleggjerast at rådmannen visste, og snakka usant. (Eg går grundigare gjennom dette i ein lengre versjon på Kvardagsprat.)

Eg trur ikkje Mogren har forandra forklaringa si frå Deloitte om hausten til Kvinnheringen om våren. Ein misforstår berre kva som er relevant. Kvinnheringen har ein reportasje som elles er veldig god. Dersom Mogren sitt lause snakk skal sjåast på som eit skup, så burde det vore behandla grundigare av Kvinnheringen.

Ordføraren skriv i Grenda 9.4. og Kvinnheringen 10.4.: «Eg forstår at SF ikkje ynskte dette debattert i kommunestyret.» Underforstått at vi ikkje ønskte debatt med dei «nye» innspela frå Mogren. Det er absurd og uhyre arrogant av ein ordførar å påstå at han veit betre enn oss sjølve kva som er motivet bak våre handlingar. Enten er han desperat, eller så kan han ikkje lesa: Vi har forklart dette ganske tydeleg, både eg (i intervju etter kommunestyret) og Hege (i lesarbrev som ordføraren viser til, i Grenda faktisk få centimeter unna ordføraren sitt tåpelege tull).

Denne nedrige spekulasjonen om andre folk sine motiv er dråpa. Ikkje på noko tidspunkt har eg eller andre gått ut i avisa med spekulasjonar om ordføraren og Øyvind Lernes sine motiv for å jakta på rådmannen, sjølv om vi gjerne kunne (og kanskje gjer det av og til, men berre i slutta lag). Ein bør ikkje skriva i avisa om sine eigne ville idear om andre sine kjensler og motiv. Det tek seg ikkje ut. Særleg ikkje for ein ordførar. Ein bør prøva å halda seg til hendingar, utsegner, fakta – kva som er sannsynleg, kva som er sikkert. Det gjer rapporten, og det har vi andre prøvd i denne debatten.

At vi gjekk for å droppa debatten, bestemte vi før kommunestyret. Som forklart fleire gonger no, særleg på grunn av Høgre-leiinga sitt meiningslause innlegg 25. mars. Der misbruker dei eit misvisande enkeltsitat frå ein advokat, frå midt i prosessen, til å forsøka reinvaska ordføraren, utan at dei overhovudet går inn i rapporten. Den problematiserer til og med utsegnene frå denne advokaten. Mot slikt røyndomsbrot og fortvila faktaresistens var det berre å kasta inn kluten. Debatt var håplaust og vi føretrekte at rapporten heller vart ståande. Til alt overmål vil ordføraren no gå ut i lesarbrev og demonstrera poenga våre for oss: Fornuftig debatt er nyttelaust.

At mannen evnar sjølvkritikk og audmjuke om lag like dårleg som gamlerådmannen, er ikkje gunstig for kommunen eller vervet. Eg ber no om at andre i partiet hans tek i det minste litt ansvar. Eg likar jo fyren, og han har sine kvalitetar, men no må han vernast mot seg sjølv.

P.S. No vil eg verkeleg avslutta saka. Dette er siste ord frå meg. Dersom det kjem noko meir frå ordføraren eller partiet hans i denne saka, så vil eg berre på førehand påpeika at det sikkert er gale og/eller irrelevant – igjen.

P.P.S. Det ser sikkert ut som eg meiner høgrefolka er idiotar. Det gjer eg ikkje. Det er berre i denne spesifikke saka.

P.P.P.S. Til de andre: Gløym at vi driv og hakkar på kvarandre. Det finst viktigare ting, som å hindra salet av Kvinnherad Energi. Men sjå gjerne Deloitte sin presentasjon sjølv: kvinnherad.kommunetv.no. Eg skal leggja betre versjon på Youtube, og Kvardagsprat. Der ligg også ein lengre versjon av dette innlegget. Og sjå Røstbø si oppsummering av rapporten.

Gaute Lund,

Sosialistisk fellesliste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags