«Eg lyser fred over Kvinnherad Energi sitt minne»

Av
DEL

MEININGARI desse dagar vart fusjonen mellom Kvinnherad Energi (nett-delen) og BKK sluttført. Grunnlaget var tvilsamt. Eg vil likevel ikkje forfølgja dette rettsleg.

Dei som ønskte selja laga eit fleirtal for sal, i strid med det fleire hadde lova i valkampen. Til slutt lukkast det. Mellom kommunestyremøta vart det vist at fisjon og fusjon krov, etter vedtektene, 2/3 fleirtal i generalforsamlinga – og den skal bestå av medlemene i kommunestyret. Kommunen fekk kjøpt inn ein uttale frå advokatfirma Schjødt som sa at 2/3-kravet ikkje gjaldt. Motkreftene (Sp, SF m.fl.) hyrte inn advokatfirma HLT som meinte vedtektene måtte følgjast.

Det er det juridiske eg fokuserer på her, ikkje dei politiske argumenta.

Til slutt tvang dåverande ordførar, kommunedirektør og eit knapt fleirtal igjennom at Schjødt sitt syn skulle gjelda. Eg gjorde framlegg om å få uavhengige juristar til å avgjera (valdgift), men dette vart også nedstemt. Fleire, deriblant dåverande ordførar, sa at Schjødt sin uttale var «objektiv». Dette er tøys. Det einaste som er «objektivt» er ein rettskraftig dom. Ei anna tøysete utsegn: krav til 2/3 fleirtal er «umoderne» og det var på ein måte naturleg å bruka simpelt fleirtal i strid med vedtektene. Dette sa bl.a. Kviteberg i møtet 22. mai då han framførte Høgre sitt hovudinnlegg i saka og dermed fleirtalet si grunngjeving for å velja Schjødt sitt syn over HLT. Også Bjarne Berge fokuserte på at vedtektene var «utdaterte». Som om lover og vedtekter har «utløpsdato».

Kommunelova har fleire forhold som krev 2/3 fleirtal. Det er ekstra komisk at den nye lova som trer i kraft i haust, har endå fleire. Bl.a. kan 2/3 fleirtal suspendera ordføraren. Førestillingane om at «alt» skal vera simpelt fleirtal er altså teke frå lause lufta, truleg fordi det gagna denne saka. Uansett om ein meiner at dette vedtaket burde klara seg med simpelt fleirtal, så må ein faktisk forholda seg til at vedtektene er som dei er.

Vedtaket vart klaga inn til fylkesmannen, men det var venta at han ikkje kan vurdera om vedtaket var i strid med vedtektene: «Tolking av korleis aksjelova er å forstå (…) fell såleis utanfor det som kan vere gjenstand for prøving ved ein lovlegkontroll», skreiv han. Den som kunne avgjort om vedtaket var i strid med vedtektene (og aksjelova), var tingretten. Eg har fleire gonger antyda at det laut bli eit søksmål. Eg var innstilt på å fremja søksmålet. Men no har eg feiga ut. Eg har hyrt advokatar og konferert med dei og med tingretten. Det eine er at det hadde vore meg personleg, mot Kvinnherad Energi og dermed kommunen og BKK. Dei har i praksis uavgrensa midlar. Det verste er at eg kanskje ikkje har retten til å fremja eit slikt søksmål, så det ville berre blitt avvist. Søksmålet måtte vore fremja av eit styremedlem eller fagforeiningane. Uansett kven, så hadde vedkomande teke stor økonomisk risiko.

Det beste ville vore å halda på lokal råderett og inntekter. Det er ikkje nokon komplett katastrofe at dei skuslar det bort. Men vi har ingen garanti for kva som skjer vidare.

Dermed får vi aldri ei uavhengig juridisk vurdering av kva som var «rett» etter vedtektene. Eg beklagar overfor folket at eg ikkje orka og ikkje våga å ta denne kampen. Slik kan urett skje. Eg lyser fred over Kvinnherad Energi sitt minne.

Gaute Lund

Tidlegare medeigar av straumnettet i Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags