Fylkespolitikar om E39 Hordfast: Eit samferdselsprosjekt utan kostnadsstyring og realisme

Illustrasjonsfoto: Kvinnheringen.

Illustrasjonsfoto: Kvinnheringen.

Av
DEL

MEININGAR:Som tidlegare kommunepolitikar, no fylkespolitikar, har eg nokre tankar/meiningar om E39 Hordfast som bør vurderast. Underteikna har arbeidd i 36 år for STV innanfor drift  og vedlikehald av vegar og 11 år på kommunale vegar, og må dessverre konstatera at vegforfallet er aukande.

I Fylkestinget den 13. des. vart det behandla to store vegsaker. Sak 110/2017 – Investeringsprogram for fylkesvegnettet 2018-2029, til Regional transportplan Hordaland 2018- 2029. Her kjem det fram korleis tilstanden er for fylkesvegane med etterslep på kr. 7,3 milliardar på vedlikehald. I tillegg manglande rassikrings-midlar og tunelldirektivet som krev store oppdateringsmidlar.

Sak 109/2017 – Handlingsprogram 2018-2023 (2029), til Nasjonal transportplan Høyringsfråsegn.

Då det gjeld høyringsfråsegna er det sjølvsagt liknande lesing, med store veginvesteringar og for små løyvingar til vedlikehald og drift.

Utifrå dette har eg følgjande meiningar.

Som kjent arbeidar ein for tida intenst med planlegging og ikkje minst kostnadsberekningar med vegprosjektet E39 Hordfast mellom Stord og Os. Såkalla midtre trase med flytebru over Bjørnafjorden med firefelts veg bestemt av statsminister Erna Solberg i 2013 med planlagt oppstart ca. 2018. Før denne avgjersla hadde ein jobba med andre realistiske, teknisk kjende løysingar med fleire traséalternativ, men dei vart med eit pennestrøk dessverre stoppa og kosta under teppet. Som politikar har eg ikkje sans for slikt, men godtek det. Kvifor ikkje sjå på alle alternativa og kvalitetssikra prosjektet? Prosjektet mellom Stord og Os er alt bestemt med firefelts veg og flytebru i sjø, noko som eg har følgjande kommentarar til.

Prisen er formidabel. Kostnaden på brua er estimert til 16 milliardar. Dette vil medføra årlege vedlikehaldskostnader av brua utifrå kjent vedlikehaldsfaktor på 1 promille (tommelfingerregel) verta ca. 16 -20 millionar årleg. Også fordyrande då brua ligg i sjøområde. Erfaringa syner at dette er eit vedlikehald som ikkje vert prioritert. Viser til vedlikehaldsprogrammet Brutus som STV nyttar for bruer. Den syner store etterslep på mange bruer i Norge. Eit eksempel: Nordhordalandsbrua. Den har motteke ei ekstra løyving på 100 millionar på grunn av etterslep.

Det vert opplyst at ein har funne innsparing med 8 milliardar for prosjektet. Det som oftast skjer er at ein sjeldan klarar desse innsparingane. Som oftast nyttar ein dårlegare materialval, som til slutt endar med eit mykje dyrare vedlikehald.

Fakta: STV sin vegnorm 200 viser til at firefelts veg skal nyttast når trafikken kjem opp i årsdøgntrafikk på over 12000. Pr. 2016 er trafikken ca. 3100 med ferja i sambandet Sandvikvåg–Halhjem. Vil det då vera realistisk at trafikken skal auka til over 12000? Har samfunnet råd til eit slikt sjansespel? Trekantsambandet har berre tofeltsveg. Kva kostnader vil dette påføra prosjektet då det no må byggjast om til fire felt, ein kan ikkje ha slike innsnevringar.

Regjeringa seier at dei alltid skal planleggja meir heilskapelege prosjekt enn tidlegare regjeringar for å spara kostnader. Då reknar eg med det gjeld for dette prosjektet også. Kva vil då den totale bompenge-kostnaden og prosjektkostnaden verta?

I Fylkestinget behandlar me utbyggingsplanar, miljøplanar som byggjer på nullvekst i personbiltrafikken. Auken skal takast over kollektive reiser og me mottar pengar av staten for å planleggja slik. Me har ein byavtale med staten som sjølvsagt Frp stemde imot, der deira eigen samferdselsminister Solsvik Olsen har skrive under på . Sjå Sak 120/17 – MISA Handlingsprogram Miljøløftet. 2018-2021 Mot 2 FRP.

Framtida jobbar for oss med lågare trafikk (større leddbussar, lastebilar som kjører saman i togrekkjer). Vedtak på at godstransporten skal meir over på båt og som no har ei rivande utvikling innanfor miljø. Viser her til nye miljøvenlege ferjekontraktar som fylkeskommunen har inngått og som sparar miljøet for store utslepp.

På tide å vera realist og prioritist med følgjande mål:

Byggja Hordfast E39 som går med tofelts veg og gul stripa. Den vil vera distriktsvenleg for regionen og miljømessig ein vinnar. Vegstandaren vil vera realistisk. Reisetida vil auka med ca. 15 min. i tid , men den er forutsigbar ikkje slik som Bjørnefjordbrua som kan verta stengt i periodar med uvêr.

Derfor ønskjer eg og mange med meg at statsministeren stoppar litt opp og tar ei revurdering av heile prosjektet. Ønskjer også høgare prioritering av gul stripe, rassikring, at dei hjelper oss med etterslep både på fylkesvegar /riksvegar slik at me kan ferdast på trygge, sikre og føreseielege vegar. Hordaland må òg kunna byggja andre statlege/fylkeskommunale prosjekt som ligg i planane og makta å vedlikehalda og ivareta den til ei kvar tid investerte vegkapital. Dette vil me ikkje makta med slike prestisjeprosjekt og dimensjonar der ein berre kjører på, utan å sjå på totalkostnader med prestisjeløysingar .

Greitt me har mykje pengar i landet og viktig er det med samferdsel, men det er ikkje ei honningkrukka som har ubegrensa midlar, og me må alle prioritera. NHO-leiaren seier at gullalderen ligg bak oss. Vi får lågare oljeinntekter og auka utgifter.

Veit det er mange fylkespolitikarar, kommunepolitikarar og innbyggjarar med same tankar, og som har eit ønske om at ein gjennomgår alle prosjekta på nytt og snur kvar ein stein og er open i alle prosessar.

Då vil ein få eit rett og sterkare vedtak for framtida.

Nyttårsønskje innafor samferdsel: At regjeringa set av større løyvingar til fylkeskommunane slik at me maktar å fjerna etterslepet på fylkesvegane som me overtok frå staten 2010  (Vegreforma), utan kompensasjon for dette.

Dei same ønskja også for Tunelldirektivet frå EU, som Stortinget har godteke, men overlevert kostnads- og tidsansvaret for til fylkeskommunen. Som på si side ikkje maktar eller klarar å løyva pengar for å følgja opp.

Til slutt; dela, prioritera, tenkja miljø , ta gode framtidsretta realistiske avgjersler, med realistiske trafikktal og realistisk dimensjonering, utan at enkelte prosjekt skal leggja band på mesteparten av investeringsmidlane og framtidige vedlikehaldsmidlar for den nye regionen Vestland.

Helsing
Øyvind Hardeland, Fylkespolitikar Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags