– Hald parken ryddig og fin!

(Illustrasjonsfoto: Jonn Karl Sætre).

(Illustrasjonsfoto: Jonn Karl Sætre).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– På heile strekka frå Helsesenteret til bensinstasjonen står der berre eitt boss-spann (ved ei strand i parken), skriv Møyfrid Kristoffersen.

DEL

MEININGAR:Parken ved Opsangersvatnet på Husnes er ein nydeleg park! Men på heile strekka frå Helsesenteret til bensinstasjonen står der berre eitt boss-spann (ved ei strand i parken).

Parken er rett nok ikkje heilt ferdig enno – men den er likevel allereie aktivt i bruk.

Eg trur dette er eit kommunalt område – og då er det kommunen si plikt til å sette opp boss-spann («der mykje folk samlar seg/oppheld seg» eller noko slikt, står det i loven).

Med nokre spann på strekka langs parken/vatnet, så vil folk få høve til å hive frå seg bosset på ein ok måte – samt at det blir lettare å plukke opp «andre sitt» boss og sigarettfilter, som sleng i parken.

Eg har hatt lunsjen min i parken nokre dagar – og der er kjempefint! Men den bør også haldast slik – og då må mogelegheiter for dette tilretteleggast. Håper såleis at der blir sett opp boss-spann snarast.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags