«Kaldestadvegen må trafikksikrast no!»

Syn-faring: Her får ordføraren sjå på tilhøva ved Bjørk-haugvegen på Kaldestad i førre veke. Foto: Jonn Karl Sætre.

Syn-faring: Her får ordføraren sjå på tilhøva ved Bjørk-haugvegen på Kaldestad i førre veke. Foto: Jonn Karl Sætre.

Av
DEL

MEININGAROss – folket som bur langsetter Kaldestadvegen, er som det står i overskrifta på førstesida i Kvinnheringen den 6. desember, leie av å venta på tryggare veg. Bortsett frå asfalt og litt vegutviding nokre stader, er det lite som er gjort med vegen dei 140 åra sidan den vart bygt, trass i tallause brev til kommunen og lovnader frå politikarar. Gong etter gong har vegen enda opp som salderingspost opp gjennom åra.

I trafikksikringsplanen som kom i 2012 vart vegen rangert blant dei aller farlegaste vegstrekningane i kommunen. Endeleg skal noko skje tenkte me, endeleg har fagfolka og politikarane fått augo opp for kor farleg denne vegen er for mjuke trafikantar, særleg skuleborn. Så kom Kvinnheradpakken, og det vart av mange politikarar uttalt at no skulle Kaldestadvegen prioriterast. Men nei, i ein sekkepost for såkalla strekningsvise tiltak vart Kaldestadvegen så vidt nemnt på eit tidspunkt.

Det er rart kva ein kan venja seg til, kryssa vegen fire gonger på ein strekning på to-tre hundre meter for ikkje å bli klipt ned av ein bilist som er litt for tung på pedalen. Men å læra borna opp til dette, som nett er blitt fortalt av læraren sin at du SKAL gå på venstre side av vegen, er ikkje like lett. Livsfarleg òg må det opplevast for rullestolbrukarane som det er fleire av på vegen. Berre dei som har trilla ei barnevogn langs vegen, lytta etter om det kjem bil rundt svingen, «kan eg kryssa over no?» veit korleis det er.

Så er det, trass i at Statens vegvesen har lagt restriksjonar på kor mange nye husstandar som kan nytta utkøyrslene på sidevegane, bygt mange nye hus. Aldri har det heller vore større trafikk på denne vegen med 16-1800 bilar i døgnet. Mange barnefamiliar har flytta inn i husa, også nye tilflyttarar til kommunen. Og folk som har flytta her til ser gjerne ting med friskare auge. Dei er sjokkerte over den trafikkfarlege vegen og finn det ubegripeleg at så lite er gjort for trafikktryggleiken for mjuke trafikantar. Dei allierer seg med andre småbarnsforeldre som også går med angst for at borna deira skal bli påkøyrt, på veg til og frå skulen, for å treffa venner på fritida eller gå på fritidsaktivitetar.

No MÅ noko gjerast for å hindra at me igjen skal oppleva dødsulukker eller at nokon blir kvesta for livet på Kaldestadvegen.

Det gjev håp at ordføraren har møtt oss, vore med på synfaring i mørket og lova å i første omgang å nytta 17-18 millionar for å vidareføra G/S-vegen frå Røssland mot Kaldestad. Me tar gjerne med oss kommunestyret til fots på synfaring i mørket så politikarane får erfara korleis det er å ferdast for skuleborn på dei farlegaste punkta.

Oss – folket som bur langsetter Kaldestadvegen, krev at no MÅ vegen rustast opp og trafikksikrast med gang- og sykkelveg og med kryssingspukt der borna trygt kan kryssa skulevegen sin.

Det er vår tur no!

Gruppa «Tryggare veg på Kaldestad»

Håkon Røstbø

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags