Kan me verkeleg bygge ned viktige område for komande generasjonar?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Politikarar: me ber dykk innstendig om å sjå framover, og til kommande generasjonar! Kan de verkeleg la ei innsparing på 9 minutt i reisetid vere eit godt nok argument? skriv grunneigarar i Sævarhagen.

DEL

MEININGAR: 

Dei folkevalde har fått rammevilkår og press på seg for å bestemme kvar ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad skal vera. Vi ønskjer her å belyse viktige moment for oss i nærområdet til Sævarhagen, og som del av Storabuen som har valt dykk inn for å ta det beste valet for oss innbyggjarar – også framtidige generasjonar:

1. I vurderinga av moglege ferjestø er det for kommunedelplanprosessen sett krav, m.a. at det skal ha minst moglege negative konsekvensar for kultur, natur- og miljøverdiar. I silingsrapporten tinga av fylkeskommunen, som grunnlag for vidare planarbeid, vert det vektlagt ruter med 30. min. frekvens i val av nytt ferjesamband. Her kjem Sævarhagen ut som beste alternativ, som vert tilrådd i det vidare planarbeidet. Dette på trass av at Sævarhagen er synt som det alternativet med størst negativ påverknad når det gjeld konsekvensar for miljø og trafikktryggleik.

Ettersom Sævarhagen ifølgje vedlegget til rapporten har dei største negative konsekvensane for kultur, natur- og miljøverdiar, oppfyller ikkje Sævarhagen som alternativ dei krava som er sette, og skal dermed silast ut som alternativ for nytt ferjestø. Vi ber politikarane ta omsyn til dette kravet som er sett overordna i prosessen me no er inne i!

2. De må ta omsyn til nye ferjer som går 13 knop. Fylket vil ikkje prioritere raskare ferjer grunna økonomien til fylket, men ca. 1 milliard i investeringar i nye ferjestø for å spare 9 min. i reisetid meiner dei er ei miljømessig og samfunnsøkonomisk god løysing. Ein har her tydelegvis lagt klima til grunn for sin definisjon av miljø, og ikkje lagt vekt på naturverdiar, eller andre viktige verdiar som friluftsliv, kulturminne, kulturmiljø eller folkehelse.

3. De må få til kortast mogleg ferjestrekning, som gir størst innsparing i overfartstid, då det er dette som kan blir premiert med ferjeavløysingsmidlar til ferjestø, infrastruktur og vegar. Tidsforskjellen med tanke på reisetid mellom Husnes og Leirvik er for dei fleste ubetydeleg: reisetid Husnes (Ranavik) – Leirvik (Jektevik) er 58 min., og Husnes (Klosterneset) – Leirvik (Sævarhagen) 49 min., altså ei innkorting i reisetid på 9 minutt. Det er forståelig at ferjer med «stive» ruter er å føretrekke, men ein kan ikkje sette fornufta til side for ei total innsparing på 9 minutt.

Dei som skal raskast frå Kvinnherad til Leirvik tar hurtigbåt, då dette gir kortast reisetid på 21 minutt. Pendlarane nyttar dermed sjølvsagt dette alternativet, og reisetid med nytt ferjestø vil i så måte ikkje hjelpe pendlarande. Kven skal det nye ferjestøet byggjast for? Er det vurderingstema de sit med som ikkje er del av debatten?

4. Kostnadar. Me må løfte blikket litt frå kvar enkelt instans sine budsjett, og me vil her minne dei folkevalde på at det uansett er våre skattepengar som vert brukte til dette; enten det kjem i form av ev. ferjeavløysingsmidlar, fylkeskommunalt-, eller kommunalt budsjett. Her vil det heilt klart vere ei total samfunnsøkonomisk innsparing dersom ein heller nyttar dei offentlege midlane til raskare ferjer og oppgradering av eksisterande ferjekaiar.

5. Tidspress ettersom den mellombelse løysinga med ferjestø på Skjersholmane har vart for lenge. Vi ser at det må handlast i saka, men de kan ikkje la det valet som er tatt med elektriske ferjer som går 13 knop, i ein avgrensa kontraktsperiode, få vere ein førande premiss for behovet for å bygge nytt ferjestø, eller kvar dette skal ligge. Dette er feil rekkjefølgje og særs korttenkt med tanke på irreversible nedbyggingar av viktige areal i strandsona på Stord. Sjølv om ein legg nytt ferjestø på areal som allereie er nedbygd – utanpå moloen i Sævarhagen, vil eit ferjestø, med støy frå trafikk og utvida arealbeslag, gi same konsekvens som å legge det i urørt strandsone. Til dømes er Sævarhagen eit særs viktig område for vade- og trekkfuglar i regionen, og støy frå trafikken vil øydelegge dette området for fuglen. Her er lista lang, og vi viser til vedlegg 1 i Silingsrapporten dagsett 09.03.18.

Vidare må eit så stort samferdsleprosjekt ha ein samanheng med val av ny trasé nordover mot Bergen (E39). Det er ikkje forsvarleg å planlegge eit prosjekt med så store konsekvensar og kostnadar med den tidshorisonten som Silingsrapporten legg til grunn.

Det er ikkje enkelt å vere politikar i dag, og ta et fornuftig val under det tidspresset de plutselig er blitt underlagt. Politikarar: me ber dykk innstendig om å sjå framover, og til kommande generasjonar!

Kan de verkeleg la ei innsparing på 9 minutt i reisetid vere eit godt nok argument for å øydelegge det viktige område Sævarhagen er for oss – for alltid?

Kjell H. Vikanes

Grunneigarar og velforeiningar i nærområdet til Sævarhagen;

Haga vel og Hagavollen burettslag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags