«Kjensler og fakta om Kvinnherad Energi»

Av
DEL

MEININGARFramtida til Kvinnherad Energi engasjerer mange kvinnheringar. Det er ikkje meir enn rett og rimeleg, men det er viktig at debatten byggjer på fakta – og ikkje berre kjensler og omskriving av fakta.

Innsyn og debatt kring offentleg eigde selskap er viktig. Det er difor vi har offentlegheitslova som gir alle innsyn i kva selskapa driv med, det vera seg vedtak frå styremøte, referat og liknande. Difor stiller eg meg undrande til at Gaute Lund og Hans Inge Myrvold meiner at styremedlemar ikkje skal kunne ytra seg i debatten vi har rundt Kvinnherad Energi. Styremedlemane sit med kunnskap og innsikt og bør vera viktige stemmer i diskusjonane om framtida til eit selskap vi alle eig ein del av. Då vert det heilt feil å prøva og knebla dei, slik Lund og Myrvold legg opp til.

Ein annan med inngåande kjennskap til selskapet er nettsjef Kjell Enes. Han har også engasjert seg aktivt i debatten både før og etter handsaminga i kommunestyret 31. januar. I eit innlegg i Grenda prøver han å imøtegå eit innlegg eg tidlegare har hatt på trykk i lokalavisene om dei store endringane nettselskapa står framfor knytt til elektrisfisering og digitalisering.

Biletet eg teiknar av framtida er ikkje dyster, slik Enes hevdar. Snarare tvert om. For nasjonen Noreg og kundane til nettselskapa er det ei heilt naudsynt utvikling om nettet skal vera relevant framover. Eg skuldar heller ikkje Kvinnherad Energi for ikkje å ha evne til å tilsetje folk med høg kompetanse. Poenget er at skal ein møte utfordringane nettselskapa har føre seg, så er ein heilt avhengig av STORE kompetansemiljø og STORE finansielle musklar. Der stiller dei store selskapa i ein heilt annan klasse enn små selskap – om ein likar det eller ikkje. Det same gjeld når det kjem til innkjøp. Til større ein er til betre avtalar får ein. Slik er naturlova.

Kjell Enes skryt av at Kvinnherad Energi har sett ned nettleiga frå 1. januar 2019. Sitat frå heimesida til KE 21.12.2018 «Det er ein glede for Kvinnherad Energi å meddele kundane våre ved inngangen til jubileumsåret 2019, Kvinnherad Energi fyller 100 år i 2019, at frå 1. januar 2019 vil nettleiga gå ned 2,9 øre/kWh for Kvinnherad Energi sine kundar.» Om ein går inn på nettleigeprisane til KE den 01.06.18 og samanliknar nettleigeprisane på sidene til KE den 01.01.19 ser vi berre ein nedgang på 0,9 øre, altså elavgiftsnedgangen. Då må ein undra seg over kor dei resterande 2 øra er blitt av.

Ifølgje årsrekneskapen for Kvinnherad Energi, hadde selskapet ei meirinntekt på om lag 12 millionar kroner ved utgangen av 2017. Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) sin definisjon på «meirinntekt» er at eit selskap har hatt høgare faktisk inntekt enn tillaten inntekt. Dermed har kundane til Kvinnherad Energi pengar til gode, og nettleiga må setjast ned for at vi som kundar skal få pengane tilbake. Vi har framleis mykje til gode.

Presisjonsnivået til Arbeidarpartiet, SV og MDG er heller ikkje mykje å skryta av i denne debatten. Dei bommar ikkje berre på DEA-modellen, men skriv også at Austevoll, Finnås, Fusa, Kvam og Voss har dårlegare eller like dårleg effektivitet som Kvinnherad Energi. Det er ei heilt misvisande framstilling. NVE sin statistikk over selskapa sin effektivitet syner at KE kjem som nummer 95 av 109 selskap, Austevoll kjem på 84. plass, Voss på 70. plass, Kvam på 49. plass og Finnås på 69. plass av 109 nettselskap. Berre Fusa av dei nemnde selskapa kjem bak KE med plass nr. 98. Når berre 14 selskap i landet kjem bak ein i ei slik effektivitetsmåling så er det litt å gå på, sjølv om ei slik måling ikkje fortel heile sanning.

Mange er uroa for straumbrot og beredskap om Kvinnherad Energi slår seg saman med BKK eller Haugaland Kraft. Her òg slår statistikken til NVE i hel argumenta til skeptikarane. Dei siste tilgjengelege tala syner at BKK er best i klassen av dei aktuelle selskapa med gjennomsnittleg avbrot per kunde på 1,1 og gjennomsnittleg varigheit per kunde på 77,1 minuttar. Tilsvarande tal for Haugaland Kraft er 1,4 og 86,5, medan Kvinnherad Energi sine tal er 2,7 og 111,1. På dette området har ein heller ikkje noko å frykta om ein går saman med eit større selskap.

Ei samanslåing med BKK eller Haugaland Kraft vil og gje lågare nettleige. NVE-statistikken syner at BKK har den lågaste nettleiga av selskapa. Låg nettleige er viktig for privatkundar og eit stort konkurransefortrinn for næringslivet.

Lars Emil Berge,

leiar i Småkraftforeninga

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags