«Kote 70 – ei stor feilprioritering og eit urealistisk prosjekt?»

Av
DEL

MEININGARLas i avisa at det var debatt i kommunestyret om vegprosjektet på Løfallstrand, det såkalla kote 70. Interessant at Frp sine medlemmer frontar dette prosjektet. Frp er då mot bompengar både lokalt og sentralt seier dei, men gjer motsett. Bra?

Personleg synest eg dette prosjektet er heilt feil å bruka tid og pengar på no. Utifrå følgjande:

Kostnad: 150–200 mill. for 4,5 km ny veg.

Miljø: Vegen er planlagd med stigning i begge påkøyringar på strekkja.

Politisk: For at kommunestyret skulle få eit samrøystes vedtak på Kvinnheradpakken, har ein starta opp med planlegginga av Kote 70 som ligg inne i Kvinnheradpakke to. Er dette rett framgangsmåte? Forstå det den som vil.

Fagetatane: Slik eg oppfattar vegvesenet, er dei heilt ueinige med denne prioriteringa. Bortkasta tid og pengar i denne omgang.

Finansiering: Stortinget må først godkjenna innkrevjing av bompengar for pakke ein til hausten. I tillegg er vel heller ikkje alle desse prosjekta fullfinansiert.

Bompengar: Er avgrensa kor mykje me kan påleggja vegfarande. Me har eit næringsliv og pendlarar som lyt ta støyten. Kven vil då etablera seg og bu her? Kanskje ein snart bør ta debatten om mengd bompengar i Kvinnherad.

Tidssparande: Lite. Fire minuttars køyring i dag.

Tryggleik: Ja, men dette er løyseleg langs den eksisterande traseen.

Pengebruk : Har alt nytta eit par millionar. Det vil gå mange fleire til planlegging. I tillegg nyttar administrasjonen i kommunen mykje tid, som kunne vore nytta til viktigare saker og ein kunne spart pengebruk til innleige av konsulenttenester.

Fylket: Part oppe i det heile. Kor realistisk er det at dei kan yta pengar til dette? Ikkje slik eg kjenner fylkesøkonomien. Avtalen er per i dag Kvinnherad pakke ein, ikkje noko anna. Det er mange andre kommunar og prosjekt som også skal prioriterast.

Tidsperspektiv: Utifrå punkta over skremmer det meg at me skal bruka så mykje pengar på eit prosjekt som kanskje ikkje vert bygt og i alle fall ligg minst 10–15 år inn i framtida. Bruk heller pengane til å få bygt og fullfinansiert dei realistiske prosjekta.

Skrekkscenario: Dersom reguleringsplanen er over 10 år og ein må oreigna i området, må det lagast ny plan.

Eg synest elles at Kvinnherad-politikarane utfører eit bra handverk når det gjeld Kvinnherad pakke ein, men eg er litt redd dersom ein pressar og lovar pakke to alt no. Ser nokon alt lovar dette. Det er ikkje bra. Prosjekta skal og må betalast. Ein må ikkje stilla seg slik at vegvesenet trekkjer seg frå det gode samarbeidet og tilliten som ein no har.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags