– Kreften knuste draumen min

Siri Øystese er glad i friluftsliv, men kan ikkje vera like aktiv som før. Ho er i dag kreftfri og sterkt engasjert i Gynkreft-foreningen.

Siri Øystese er glad i friluftsliv, men kan ikkje vera like aktiv som før. Ho er i dag kreftfri og sterkt engasjert i Gynkreft-foreningen.

Av
DEL


Kvir du deg og utset legebesøk og livmorhalsprøve? Eg skriv dette for å minna deg på kor viktig det er med jamnleg sjekk hos legen. På den måten kan du unngå smertene eg har opplevd. Eg fekk leva vidare, men livet blir aldri det same.

Halvparten av dei som får livmorhalskreft kvart år er under 50 år. Eg var 31 år då eg fekk diagnosen. Kreft i livmorhalsen. Sjokket var stort. Verda raste saman. Tøffe cellegiftkurar og stråling venta. Samtidig som eg var nyforelska og snart ferdig utdanna. Lite visste eg om all smerta som låg framfor meg. Tida etter medisinsk behandling har òg vore ubeskriveleg vond.

I år er det fem år utan tilbakefall, og eg er erklært kreftfri. Likevel er eg ikkje frisk. Den største utfordringa er å vera kronisk trøytt, også kalla «fatigue». Å ha «fatigue» gjer at du aldri føler deg utkvilt, sjølv om du kviler meir enn dei fleste. Å vera trøytt tek over heile livet ditt. Du kan ikkje jobba fulle dagar eller vera like sosial som andre. Du må planlegga dagane nøye, slik at du orkar litt. Eg måtte slutta i barnehagejobben. Etter to månadar klarte eg ikkje meir. No jobbar eg deltid i ein butikk. Med mykje stråling i heile underlivet, har tarmar, skjede og underliv fått store skadar. Eg har fått svært sensitive tarmar, lymfe-ødem og forstyrra hormonbalanse – noko som har ført meg inn i tidleg overgangsalder. Dette skapar, saman med stråleskadar i skjeden, vanskar for seksualitet og samliv. Utfordringar som dessverre mange andre som har vore gjennom same behandlinga som meg, også slit med.

MEININGAR:

Verst er det at eg ikkje kan få eigne barn. Kreften knuste den draumen. Eg kan aldri bli mamma. Namna på barna mine hadde eg allereie klar som 13-åring. Oda, Una og Gaute. To jenter og ein gut. Men eg får aldri oppleva det bandet. Eg vil aldri få kjenna hjartet brista av kjærleik når barnet smiler for første gong. Aldri kjenna livet i magen. Han eg er forlova med blir aldri pappa, på grunn av meg. Dette smertar meg meir enn noko anna.

Eg ønskjer å vere open om sjukdomen og utfordringane mine. Eg trur det å vera open kan hjelpa andre til å forstå alvoret, og kanskje forhindra at mange jenter får livmorhalskreft. For livmorhalskreft kan førebyggast med jamlege kontrollar og vaksine. I mitt tilfelle gjekk det nok for lang tid før diagnosen blei stilt. Difor kan eg ikkje understreka nok kor viktig det er at du kontaktar legen din og ber om ein sjekk.

Ein livmorhalsprøve kan redda liv, fordi den kan oppdaga celleforandringar i livmorhalsen. Utvikling av livmorhalskreft tek opp til fleire år, og går gjennom celleforandringar av ulik grad. Ofte går desse forandringane tilbake av seg sjølv, men nokre gonger utviklar det seg til kreft. Mange kvinner med livmorhalskreft har ikkje sjekka seg regelmessig. Det same gjeld over halvparten av dei rundt 370 som får livmorhalskreft i Norge kvart år. Kvifor er det slik? Nokon kvir seg kanskje for å setja seg opp i stolen og ta ei gynekologisk undersøking. Tidspress, språkvanskar og avstand til legen kan vera andre grunnar for ikkje å ta livmorhalsprøven. Mange veit ikkje kva prøven inneber og kvifor dei bør ta den. Sjølve undersøkinga er rask å gjennomføra og medfører faktisk veldig lite ubehag.

No, etter mange års kamp, har eg slått meg til ro med det nye livet mitt. Nokon føreslår adopsjon. Der kjem seinskadane inn. Alltid trøytt og 80 prosent ufør. Eg må kvila etter nokre timars samvær med nevøen min. Heldigvis står min kjære sambuar støtt ved mi side. Han må òg leva eit liv litt utanom det vanlege. Samvær og intimitet må planleggast. Eg må passa på å vera utkvilt. Ha overskot til alt.

Om du synest det er skremmande med gynekologstolar, så kan eg lova deg at kreftbehandling med operasjonar, cellegift og strålebehandling og alt som følgjer med av angst, smerte og usikkerheit – er tusen gonger verre.


Siri Øystese

, leiar av Gynkreftforeningen Bergen og omegn lokallag.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags