– Kristne bør ikkje skremmast vekk, men heller oppmuntrast til å ta i bruk denne teknikken

(Illustrasjonsfoto: COLOURBOX / ARZTSAMUI).

(Illustrasjonsfoto: COLOURBOX / ARZTSAMUI).

Av
DEL

MEININGAR:Det er veldig trist når folk angrip andre livssyn og religionar og stemplar dei som vonde og av den vonde. Det kan berre føra til negativitet, motsetnader og i verste fall hat.

Yoga er ein god teknikk for fysisk trening og for fysisk og psykisk avspenning. Det er også ein god teknikk for å bli betre kjend med seg sjølv. Kjem du betre i kontakt med ditt eige indre liv, tankar og følelsar, er sjansen også større for at du vil opna opp for nærare kontakt og dialog med andre. Du kan koma til å bli ein meir åndeleg og reflektert person.

Eg meiner yoga er ein god ting både for ikkje truande og truande i alle religionar. Gjennom stille og meditasjon kan du både bli klar over og koma nærare dei verdiane du står for og trur på. Kristne bør ikkje skremmast vekk, men heller oppmuntrast til å ta i bruk denne teknikken som er god for både kropp og sjel.

Eg vil oppfordra alle til å visa respekt for alle tankar og skrifter som folk rundt om på jorda held heilag og minne om innleiingsorda i Johannesevangeliet der det står: «I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud».

Kor fint det ville blitt om menneska ein gong hadde kome dit at me såg på all visdom som har blitt overlevert oss, som vår felles arv, enten den kjem frå religiøse ånders djupe innsikt, frå store filosofar eller frå lynande intelligente vitskapsfolk sitt strev mot større forståing.

Ei from bøn til vår felles Gud må vera at vi alle lærer oss å tala og praktisera vårt eige syn utan å angripa og fornedra andre sitt. Eg trur at ordet dialog betyr Guds lov. Det ville vore så fint om menneska ein gong, uavhengig av religionar og livssyn, kunne foreinast i at dialog praktisert i ærlegdom og kjærleik til kvarandre er ei allmenn lov, ei Guds lov, og sjølve vegen til visdom og nåde, og for alle truande vegen til eit evig liv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags