Kva er agendaen?

Av
DEL

MEININGAR:Mykje arbeid er lagt ned i ein nødvendig prosess om å slå Fjelberg Kraftlag saman med Haugaland Kraft. Fram til orienteringsmøta på Halsnøy og Valen, så var det stor einigheit. Så vakna Kviteberg! Han hadde sove på saken, sa han. Ikkje ein gong på orienteringsmøtet var han oppteken av å få fram sitt syn, han hadde nok med å ta opp på band samtalen som føregjekk, som skulle ut til media. Frå han hadde sove tilstrekkeleg på saka, så har han blitt fullstendig fanatisk! NRK, alle aviser, sosiale medium, SMS, og no avis.

Etter at medlemmene er blitt førespegla å få utbetalt sine verdiar, så var det på tide å laga mest mogleg støy og uro. Han nærmast kriminaliserte styret i starten over manglar i saka, der forklaringa var så enkel at ein ikkje var kome så langt i prosessen. Det endra ikkje hans syn, nei, då var det å køyra på andre moment. Alt ber preg av å skulla skapa uro og usikkerheit; «dåke kjem til å bli rundlurt, kjem til å sitja med skjegget i postkassa, medlemmer i kraftverket i Skånevik har ikkje fått sine pengar enno» osb. (PS: Dei er ikkje kome så langt i prosessen enno). Dette er ein særs usympatisk aksjon og mange medlemmer er svært provoserte!

Når det gjeld tanken om å bruka midlar til «almuen»: Kvart år får lokalsamfunnet ut mange millionar gjennom gjensidigefondet og Sparebanken 1. I alle år har Fjelberg Kraftlag delt ut pengar til ulike tiltak. Denne gongen var det tenkt at medlemmene som eig samvirket, skulle få ut aksjebyte. Slik styret har lagt opp til, så vil Kvinnherad kommune t.d. få ut 30 millionar, og det kjem vel alle til gode? Det er mange arbeidsplassar som kan tryggast med utbetaling/billig straum? Det som blir utbetalt til oss medlemmer, fell nok også tilbake til lokalsamfunnet!

Kjære medlem; ha is i magen og stem ja, ikkje la deg vippa av pinnen i ein prosess som har som føremål å skapa usikkerheit. Stol på at styret har gjort ein grundig jobb som er sjekka ut av juristar/lovverk!

Margit Eriksen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags