Kva skal millionane brukast til?

Av
DEL

MEININGAR:

Kvinnherad kommune får i haust 40 millionar kroner i tilskot frå Havbruksfondet, skriv Kvinnheringen fredag. Det er jo berre heilt fantastisk, og endåtil utan at politikarane har rekna med ein slik gåvepakke i budsjettsamanhang. Alle kvinnheringar bør kunna gle seg over dette.

Diskusjonen om kva pengane skal brukast til er allereie i full gang i det politiske miljøet. Ordføraren meiner det er viktig å tenkja langsiktig og bruka pengane til vidareutvikling av kommunen. Han peikar på at midlane frå fondet vil svinga frå år til år, og at kommunen difor ikkje kan gjera seg avhengige av slike varierande løyvingar. Det høyrest fornuftig ut. Andre i kommunestyret som avisa har snakka med føreslår meir konkrete tiltak allereie no, som til dømes ny idrettshall på Husnes eller satsing på trafikktryggleik. Nokon meiner den store uventa pengesummen må gå inn i den kommunale drifta, medan andre vil betala ned gjelda.

Tvillaust vil fleire sektorar få ein betre kvardag viss pengane går inn i drifta. Men kor fornuftig og langsiktig ei slik disponering er, kan det absolutt stillast spørsmål ved.

Uansett kva dei folkevalde meiner på dette stadium, må vi ha respekt for den politiske diskusjonen som må koma i kjølvatnet av det store tilskotet frå Havbruksfondet. Likevel er det allereie no opportunt å etterlysa større fokus på eldreomsorga i Kvinnherad. Ingen av dei avisa har snakka med seier noko som helst om denne sektoren, sjølv om det bør vera godt kjent at det sviktar her og der. Det har begge lokalavisene våre skrive om mange gonger. Det skin ikkje akkurat av eldreomsorga over alt, veit vi, og det må ikkje politikarane gløyma i den føreståande debatten om korleis alle millionane skal brukast.

Men det er kanskje ikkje «berekraftig» nok å satsa på eldre og pleietrengjande?


Kristian Hus, Husnes.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags