Kvardagsrehabilitering: Frå passiv mottakar til aktiv deltakar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MEININGAR: 

Eg las med interesse lesarinnlegget i Kvinnheringen 28. mars, og håpar eg på ein enkel måte kan bidra til å klare opp i tankar kanskje mange har om dette nye tilbodet Kvinnherad kommune no skal tilby innbyggjarane.

Eg er einig med Bergljot B. Hesvik i at det slik avisene refererte det, kan det sjå ut som om det vert gjort i eit økonomisk vinningsperspektiv. Difor er eg glad for at Hesvik gav meg anledning til forhåpentlegvis å klare opp i dette.

Kvardagsrehabilitering har sidan 2012 gradvis blitt innført i Noreg, og per i dag er over halvparten av Noreg sine mangfaldige kommunar tilbydarar av denne tenesta. Kvinnherad kommune skal no også tilby denne tenesta, fyrst i Heimeteneste Sør sitt område.

Dette er eit rehabiliteringstilbod som skal gjevast brukarar i heimen av heimetenesta, etter at det er laga ein detaljert plan over rehabiliteringa av ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar, der det er brukaren sine eigne mål som er utgangspunktet.

Kvardagsrehabilitering er ei teneste brukarar kan søkje om til kommunen. Det er ikkje noko som skal «pressast» på aktuelle kandidatar. Brukarar må vere motiverte til å gjere ein innsats for å nå måla sine. Tilbodet vert tidsavgrensa, og ein kan sjølvsagt også ta imot andre heimetenester både før, samstundes og etterpå.

At kommunen innfører kvardagsrehabilitering for å spare store pengar, stemmer ikkje. Det trur eg nok også at våre folkevalde er klare over. Ingenting hadde vore betre. Senter for Omsorgsforskning gav i 2016 ut ein rapport på bestilling frå Helsedirektoratet, der dei også har evaluert dei økonomiske effektane av kvardagsrehabilitering i 43 ulike kommunar i Noreg (modeller for hverdagsrehabilitering – en følgeevaluering i norske kommuner). Dei viser her at det truleg er liten økonomisk vinst for kommunar å innføre kvardagsrehabilitering. Kvifor vel likevel kommune etter kommune å innføre det? Jo, fordi denne tenesta set brukaren og brukarmedverknaden i fokus. Vinden har dreia frå at vi som profesjonelle tenesteutøvarar veit best, til at brukarane sjølve skal få velje. Og dette er kjernen i saka. Frå å vere ein passiv mottakar av kommunale tenester, levert på heimetenestene sine premissar, får brukaren mogelegheit til på ny å bli ein aktiv deltakar i sitt eige liv.

Og det er akkurat dette som er det geniale ved kvardagsrehabilitering, nemleg at fokuset er flytta; det er kva som er viktig for brukaren som er det ein jobbar ut i frå, ikkje kva vi som tenesteytarar meiner er best/viktigast. Målet er at alle som ynskjer det skal få bu heime så lenge som mogeleg, og vere aktive lengst mogeleg i eige liv. Og eg meiner og trur at dei aller fleste verkeleg ynskjer akkurat dette; Å klare seg sjølv så lenge som mogeleg. Det kan vere godt å få hjelp til ting ein ikkje lenger klarer sjølv, men å få velje når du skal stå opp, legge deg, dusje, lage mat og ete, gå på besøk, er likevel naturleg å helst ville bestemme sjølv.

Hesvik har heilt rett i at kvardagsrehabilitering ikkje er aktuelt for alle. Men mange som kanskje opplever at vanlege aktivitetar i heimen etter kvart vert utfordrande og vanskelege, kan nok ha stor nytte og glede av tilbodet. Kanskje etter at sjukdom eller ein skade har sett ein tilbake i funksjonsnivå.

Og lukkast vi med kvardagsrehabiliteringa, ja, så kan vi forlenge tida brukaren kan klare seg meir sjølvstendig i eigen heim. Og dette vil då også gjere belastninga på dei pårørande mindre. Og sparer kanskje bruk av heimetenester og sjukeheimsplassar til dei som treng det meir.

I fht. friviljuge organisasjonar og pårørande, så har vi stadig oftare innspel frå desse, der dei ber om å få vere med å gjere ein innsats for nokon som kan trenge det og ha glede av det. Då synes eg at dette skal vi ta på alvor og lytte til. Og la dei som har overskot og lyst få lov til å bidra med det dei kan! Men sjølvsagt ikkje overta oppgåvene som ligg under fagpersonell sitt ansvar.

Eg trur at når den dagen kjem at eg kanskje vil trenge den hjelpa som berre ein sjukeheim kan tilby, ja, så kan kommunen min tilby meg det. Og eg veit at her er mange utruleg dyktige fagpersonar som strekkjer seg langt og lengre enn langt for å gjere det beste for dei som treng det. Men fyrst vil eg leve sjølvstendig så lenge eg kan i min eigen heim! Eg vil bestemme sjølv kva dagen min skal innehalde. Eg vil bestemme sjølv kva som er viktigast for meg i mitt liv. Og eg kjem til å søkje om å få kvardagsrehabilitering om eg trur det kan hjelpe meg til å klare nå desse måla for meg.

Ann Kathrin Røssland,

sjukepleiar og avdelingsleiar Heimeteneste Sør,

medlem i prosjektgruppa for Kvardagsrehabilitering i Kvinnherad Kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags