«Kvinnherad, med regionsenter på Husnes plassert mellom dei to regionsentra Odda og Stord, er i ei positiv særstilling når det gjeld potensiale for å kunna nytta dette»

Av
DEL

MEININGARAlle ønskjer for sin kommune at ungdommane som veks opp skal verta buande og etablera seg etter at dei er ferdige med utdanning. I tillegg – kanskje ha med seg ein partnar heimatt. Dette gir levande bygder og ei lys framtid for oss alle. Fundamentet for dette er at me har arbeidsplassar å tilby.

Kvinnherad, med regionsenter på Husnes plassert mellom dei to regionsentra Odda og Stord, er i ei positiv særstilling når det gjeld potensiale for å kunna nytta dette.

I denne store arbeidsregionen er me innanfor ein reiseavstand på 1,5 time (kan også utvidast, dersom me får til betre hurtigbåtanløp direkte mot Bergen/Os).

Med Jondalstunnelen, Folgefonntunnelen, og den siste delen med ny Fureberg bru og opning av ferdig Krokaparsell rundt 2022, er fundamentet lagt for eit sterkt samarbeid med Nye Ullensvang kommune. I tillegg satsar Ap sterkt på rassikring og trafikksikring på denne strekkja.

Med dei store bedriftene Boliden Odda, Tizir Tyssedal og Hydro Husnes innanfor tungindustrien, og alle dei mellomstore og mindre bedrifter, samt alle bedriftene på Stord, er behovet stort for fleire nye medarbeidarar.

Kvinnherad Arbeidarparti er i dialog med personar innanfor sentrale næringsbedrifter (industri) i nye Ullensvang kommune. Me legg opp til eit sterkare og tettare samarbeid også med politikarane i den nye kommunen. Målet er å få til ein sterkare felles arbeidsregion.

Med andre ord eit stort lokomotiv som heile tida treng mannskap og leverandørar, der me fyrer med rein energi. Satsar på at andre parti òg ønskjer å delta. Dei fleste må vel snart vera leie av ferjedebatt med flytting og så vidare, dette skapar ingen arbeidsplassar, men mykje frustrasjon.

Eg ønskjer at me kan stå saman og få resultat slik som Aksel Kloster med fleire gjorde, då dei fekk bygd Folgefonntunnelen og Halsnøytunnelen.

No bør me alle vera med og nytta oss av dei investeringane på samferdslesektoren og ta ut avkastninga av desse prosjekta i lag.

Øyvind Hardeland

Kvinnherad Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags