Gå til sidens hovedinnhold

– Legg ned Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes

Artikkelen er over 3 år gammel

Det føreslår Tom Vevik, tidlegare yrkessjåfør, i dette innlegget.

MEININGAR: Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er svært gledeleg at ungdommen har meir fornuft enn enkelte andre (viser til lesarbrev i avisene den siste tida). Må òg seia at forslaget til Arne Bjørnevik er svært framtidsretta. Det er på tide å nytta dei ferjestøa som alt ligg der, og ikkje fleire tullete planar med nye ferjestø.

Eg føreslår ei ferje mellom Sunde–Skjersholmane og ei til Jektevik. Trafikk og vidare korrespondanse får avgjera kva ferje som skal gå først om morgonen. (Sjølvsagt må ein òg ha parkeringsplass på Sunde med rikeleg kapasitet). Sett òg opp ein minibuss som går i skyttel mellom Skjersholmane–sjukehuset–Jektevik, som går like lenge som ferjene, med ein fornuftig billettpris.

Les også

Statens vegvesen: – Endeleg rapport for Toftebrekko ikkje klar før hausten

Så vil eg koma inn på noko som burde vore oppe for lenge sidan, sidan Folgefonntunnelen alt er bygd. Legg ned ferja mellom Årsnes – Varaldsøy Gjermundshamn, og gå inn for to ferjer mellom Jondal og Tørvikbygd. Rust i første omgang opp vegen Norheimsund–Tysse, i fellesskap med dei berørte kommunane og Bergen. På sikt kan det vera mogleg med flytebru her, med seglingshøgd i eine enden, om 10–15 år. E 134 er så godt som valt til hovudveg Aust-Vest, som styrkar dette.

Som kompensajon for nedlegging av ferjene, må stat og fylkeskommune betala og byggja veg over Varaldsøy med døgnopen kabelferje ved Mundheimsundet, og tunnel Kroka-Sundal, ein veg som i dag er livsfarleg.

Det må òg setjast opp skyssbåt frå Gjermundshamn–Varaldsøy–Rosendal for eventuelt arbeid og skulependlarar. Kommunen må også oppretthalda aldersheimen på Varaldsøy i full drift, for å sikra kjærkomne arbeidsplassar.

Når eg først er i gang vil eg og føreslå å droppa den tullete traseen bak Løfallstrand. Flytt heller 2-3 av husa lenger vekk frå vegen, og å få til ei felles utkøyrsle det er råd å einast om. Lag ein undergang i feltet og sett opp automatisk trafikkovervaking.  Bruk heller midlane til å få fortang i ny gangsti mellom Herøysund–Sandvoll, og ny bru over Handelandselva og utbetring av Resabrekko til Sunde.

Les også

Fjord1 lettar på sløret: Dei nye el-ferjene går i 12 knop og har plass til 80 bilar

Det er også underleg at den viktigaste vegen ut/inn av Kvinnherad til aust og sør, spesielt for tungtransport der 80-90 prosent er frå Husnesområdet ikkje vert snakka om. Ein burde bygd ein tunnel frå Tungesvik til Stodalen (under Hålandsbakkane) til 150 millionar kroner, som ein kan henta frå Kvinnheradpakken og andre kommunar (ein vil då sleppa denne trafikken gjennom heile humpete Kvinnherad og Odda). Det vert då topp vegstandard heilt til ovafor Seljestad. Det seier meg til slutt at smålegheit og egoisme frå nokre få tiltals personar har og kan trenera framtidige fornuftige løysingar, og ein betre kvardag for som dei som «må» bruka kommunikasjonane dagleg. Nok er nok!

Kommentarer til denne saken