– Nettbrettet må vera på nynorsk

Av
DEL

MEININGAR: 

Til Kvinnherad kommune: Kvinnherad mållag ser positivt på at skulane i kommunen nyttar digitale læremiddel i opplæringa.

Det høyrer naturleg heime i eit stadig meir digitalisert samfunn. Men desse læremidla må ikkje få undergrava språkopplæringa til skuleelevane i Kvinnherad.

Om ein ser på all påverknaden som elevane får utanfor skulen, er det diverre altfor lite nynorsk i spel, underhaldning og informasjon som borna finn på ulike digitale plattformer.

Digitale læremiddel kan nytta både skrift, bilete, levande film og tale, og kan ha stor påverknadskraft. Difor er det viktig at elevane i skulen får denne påverknaden på nynorsk.

Opplæringslova slår fast at læremiddel skal koma på same tid og til same pris på bokmål og nynorsk. Det var eit stort framsteg for nynorsken då denne regelen kom. Lova gjeld også for digitale læremiddel. Kvinnherad kommune som skuleeigar bryt dermed opplæringslova dersom skulane nyttar programvare som berre finst på bokmål.

Kvinnherad mållag vil difor be Kvinnherad kommune om å syta for at alle appar og program til skulebruk kjem på nynorsk. Kommunen må nytta makta si som innkjøpar til å krevja nynorsk, og ikkje kjøpa inn læremiddel som berre er på bokmål. Slik kan ein påverka produsentane av læremiddel. Kommunen bør søkja samarbeid med andre kommunar for å nå dette målet, til dømes gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Vedteke på årsmøtet i Kvinnherad mållag i Uskedalen 8. februar 2018.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags