«Send dine innspel når vindauget er ope!»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad kommune er no i gang med å revidera kommuneplanen, både samfunnsdelen og arealdelen, som er den største planen for all samfunnsutvikling i kommunen vår. Planarbeidet vert kalla Kvinnherad 2050. Fram til midten av september er det opna for å komma med innspel.

Hovudtema i samfunnsdelen er: Korleis skal vi skal gjera Kvinnherad kommune attraktiv, frisk og grøn?

Hovudtema i arealdelen er næringsareal, bustadareal og småbåthamner.

Arealdelen er delen med størst praktiske konsekvensar for oss alle. Har du ein eigedom du ynskjer å utvikla, eller har bygdelaget meiningar om kva som trengst for å utvikla bygda vidare, vil dette vera mykje lettare dersom det ein planlegg er i tråd med kommuneplanen sin arealdel. Vi ser diverre alt for ofte at gode tiltak innbyggjarane ynskjer realiserte, vert stoppa av fylkesmannen. Dette skjer oftast fordi det planlagde tiltaket ikkje er i tråd med kommuneplanen. Har vi ein god arealdel der mange har delteke i planarbeidet, vil det vera lettare å hjelpa innbyggjarane med deira prosjekt. Det gjeld difor å vera aktivt med i planlegginga av ny arealdel, og spela inn til kommunen dei tankar og idear ein har.

Alle bygder har eit vekstpotensiale, og det er avgjerande at ein klarer å planleggja slik at ein får henta det ut. Samfunnsdelen skal svara på mange viktige spørsmål, og nokre av dei er:

Korleis leggja til rette for verdiskaping og arbeidsplassvekst?

Korleis skape meir innovasjon og nyskaping?

Korleis styrkja den positive utviklinga i landbruket i Kvinnherad?

Kvar skal ein plassera nye bustadområde i bygdene?

Kvar kan ein planleggja nye turstiar i kombinasjon med trafikksikring?

Bør Kvinnherad frita alle med solcellepanel på taket for eigedomsskatt?

Korleis skal alle barn som veks opp i Kvinnherad få eit godt kulturskuletilbod?

Vi kvinnheringar har til felles at vi alle har valt å satsa på eit liv i Kvinnherad. Og kommunen sitt slagord er «Fellesskap og trivsel – utvikling og vekst». Dette er gode visjonar å byggja vidare på.

Høgre vonar at Kvinnherad kommune får inn mange gode innspel frå privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter. Dette må til skal planarbeidet få godt nok grunnlag å staka kursen vidare mot år 2050. Høgre ynskjer vekst i alle bygder. Med ei klar ja-haldning i byggjesaker og ja-haldning til gode innspel i kommuneplanarbeidet, vonar vi å bidra til ein vekstkraftig kommune frametter.

Erlingur Nielsson

Øyvind Utne

Kvinnherad Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags