«Skuffa og overraska tilsett i Kvinnherad kommune»

Av
DEL

MEININGARLas eit innlegg i avisa der politikarar no angrip tidlegare rådmann Odd Ivar Øvregård. Dette synest eg er utidig. Som arbeidsgivar skal/bør vel aldri arbeidsgivar (her politikarar) diskutera dei tilsette i avisa.

Eg vil mest kalla dette eit lågmål. Har også lesa i avisa den siste tida at tilsette som utfører prosjekt for kommunen vert uthengd med fullt namn. Er dette vegen vidare framover for Kvinnherad kommune som arbeidsgivar, og kva er tilliten til dei tilsette?

Kvinnherad kommune ønskjer mange flinke, dyktige søkjarar til ledige stillingar i kommunen. Kva signal sender ein no ut? Eg er stygt redd for at ein del medarbeidarar som jobbar i kommunen vil slutta, når ein ser korleis ein opptrer som arbeidsgivar over for dei tilsette. Eg tenkjer vidare: Korleis kan ein tilsett forsvara seg? Ein kan ikkje ta debatten i avisa. Dette er heilt uhøyrt.

Ein tilsett i Kvinnherad kommune:

Øyvind Hardeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags