Bøn om pengar

Av
DEL

MEININGAR:Når det lir mot jul får me som regel ein heil del brev om støtte til ymse gode, og kanskje mindre gode, føremål. Alle kan ikkje få, og då må me velje ut det me har godhug for, Luftambulansen, Frelsesarmeen eller Kreftforeininga, til dømes.

No har alle kvinnheringar fått oppmoding om å grava djupt i lommeboka, alle som ein, gamal og ung.

Nei ikkje som personlege brev til oss, men ein pynta søknad til kommunen om å støtta Folgefonnsenteret, som er i dramatisk krise. På kommunen si postliste ligg der no ein søknad på 19, nitten sider, der dei ramsar opp ein masse ting dei skal driva med, noko er litt uforståeleg for vanlege folk som: «Eit kompetansesenter for grøn konkurransekraft og og entrepenørskap i blå sektor». Og det er ikkje småting, også FN er med, «berekraftslaboratorium for grøn omstilling knytt til FN sine berekraftsmål». Jau, store ord går rett heim. Og sjølvsagt, dersom ikkje miljø er nemnd, er det fånyttes, me 5 mill. menneske skal då berge jorda. Dei ramsar òg opp masse småting som kommunen skal ha ansvar for i senteret, ned til minste dørhandtak, og flotte stolpediagram som ein må setje seg inn i før avstemminga i kommunen. Trur ikkje mange gidd bry seg, dette går nok glatt igjennom.

Kvifor ikkje berre skrive: «Me manglar X tal millionar, kor tid kan me få dei»? Så kjem me att ved seinare høve dersom det vert for lite, som det nok vert. Og var det ikkje noko liknande som sende tidlegare rådmann ut døra?

Johs. Bondhus

Artikkeltags