Reinvaska rådmann – obsternasig ordførar

Av
DEL

LesarbrevDeloitte sin rapport gjev oppreisning til rådmannen. Ordføraren kjem dårleg ut, og toppar det heile med eit nokså bittert forsvarsskriv som er lagt ved rapporten, og som så er plukka frå kvarandre av Deloitte. Forsvarsskrivet etterlet berre eit endå dårlegare inntrykk av ordføraren. Merknadene frå ordføraren sine juridiske rådgjevar bikkar tidvis over i lause insinuasjonar og vag kritikk av arbeidet til Deloitte. Dei ser ut til å freista delegitimera heile rapporten, og det er ikkje eit vakkert syn: «liten eller ingen verdi», «spekulasjonar, lause insinuasjonar». Dette skriv ein advokat etter å lese «raskt igjennom». Eg tilrår at folk les rapporten og vedlegga sjølv. Eller rapporten sitt samandrag, og så Jostein Røstbø si eminente oppsummering på Kvardagsprat.

Det finst ikkje fnugg av sjølvkritikk frå korkje ordføraren eller advokatane hans. Derimot gjev ordførar igjen hint om kva som har vore den eigentleg grunnen for å «ta» rådmannen: til Kvinnheringen seier han at han «står inne for at det for kommunen sitt beste» var «naudsynt» å avslutta tilhøvet til Øvregård og at vi har fått ein «god kommunedirektør». Her er det berre det aller siste eg kan vera einig i – men det er urettvist mot den nye kommunedirektøren å ta hennar openberre kvalifikasjonar til inntekt for denne elendige heksejakta. Også rådmenn har vern mot usakleg oppseiing, og det at dei ikkje likte han lenger og «hadde lyst på noko nytt», eller at det var «kommunen sitt beste», er IKKJE gyldig grunn for noko personalsak. Men vi visste jo at det var det som var det eigentlege grunnen for å gå etter han. Greitt at ordføraren seier det sjølv.

Rapporten slår fast at rådmannen ikkje har snakka usant i saka om lånet til Folgefonnsenteret, og at det ikkje var grunnlag for å oppretta personalsak mot han. Vidare at personalsaka/innkallinga til drøftingsmøte inneheldt faktafeil. Møte i formannskapet vart haldne i strid med lover og reglar. Formannskap og kommunestyre fekk ikkje nok informasjon. Rådmannen fekk aldri sjansen til å forklara seg overfor oss politikarane. Igjen: sjå Røstbø sitt Kvardagsprat-innlegg, eller les heile rapporten.

Det er også saksforhold som ikkje er omtalt i Deloitte sin rapport, men som eg vil koma tilbake til i seinare innlegg.

Gaute Lund

Sosialistisk Fellesliste

Artikkeltags