Framtida til Kvinnherad Energi

Av
DEL

MEININGAR:For det første vil eg seia at Kvinnherad Energi er eit flott energiselskap som har tent kommunen vår i 100 år på ein framifrå måte.

Stat, fylkeskommune og kommunar må leggja til rette best mogleg slik at ny teknologi kan koma inn og takast i bruk. Derfor må ein sjå på korleis ein vil vera best mogeleg rusta til å klara oppgåvene.

Kvinnherad må ha ei konkurransedyktig nettleige. Det betyr at nettleiga må vera på same nivå som dei som har den lågaste nettleiga i området, slik at nettleiga ikkje er til hinder for næringsutvikling.

Kvinnherad er ein kraftkommune som produserer mykje meir kraft enn vi brukar. Mange av småkraftverka våre ligg gjerne der det er lite forbruk. På desse stadene hadde det vore tenleg å fått inn eit større forbruk i form av ei næring. På den måten sparar ein nettet ved at ein får mindre tap, og dermed ein meir effektiv bruk av energien. Slike næringar kan mellom anna vera landbaserte fiskeanlegg. For å få til dette er det heilt avgjerande at vi har konkurransedyktige prisar på nettleiga.

I Kvinnherad har vi om lag 10 øre høgare nettleige enn BKK, ifølgje tal frå NVE. Eg har sett på ein del tal for Kvinnherad og har då kome fram til desse resultata:

Kvinnherad kommune brukar mellom 20-25 GWh/år i sine kommunale bygg. Dvs. at 1 øre i skilnad på nettleiga utgjer mellom 200.000 og 250.000/år for kommunen. Inkubatoren på Enes (fiskeanlegget) skal bruka over 17 GWh/år. Dvs. at 1 øre i skilnad på nettleiga utgjer 170.000/år.

Det blir sendt ut 150 GWH gjennom nettet i Kvinnherad Energi kvart år fordelt på 90 GWh privat og 60 GWh næring. Dvs. at 1 øre i skilnad på nettleiga utgjer mellom 900.000 til privatkundar og 600.000 til næringskundar. Er forskjellen 10 øre, blir forskjellen sjølvsagt 10 gonger så stor.

Hydrogenproduksjonsanlegget som SKL, Gasnor og Kvinnherad kommune kanskje vil byggja i Matre, vil trenga mellom 260 og 520 GWh/ år. Her vil 1 øre utgjera mellom 2,6 og 5,2 millionar/år. Hydrogen kan bli ei av løysingane som må til for å nå klimamåla. Me ynskjer at det skal vera mogleg å kunna produsera det i vår kommune.

Dei neste tiåra vil straumnettet bli revolusjonert. Dette er viktig for å nå klimamåla. I det nye intelligente nettet er det styringssystem som vil setja automatisk vaskemaskina i gong når straumen er billigast. Ein kan få solceller eller små vindmøller på taket. Dette vil føra til at elektron kan gå både inn og ut av huset i eit mikronett. Bustaden blir produsent av eigen straum. Det at nettet blir digitalisert, fører til at me kan styra lys, varme og kvitevarer automatisk. Ein kan også styra når elbilen i garasjen skal ladast ut frå når straumprisen er lågast.

Første steg mot dette er at det er kome automatiske straummålarar. Desse målarane gir nettselskapa informasjon om forbruket til husstanden. Denne informasjonen gjer at nettselskapa kan balansera og utnytta nettet på ein optimal måte i høve til forbruksmønsteret til husstanden.

Elbillading og induksjonstoppar gjer at me får større forbrukstoppar. For å unngå oftare utkoplingar/feil, må ein ha full kontroll og smarte styringssystem. Klarar KE som eit lite energiselskap å handtera desse utfordringane?

I vedtaket som fekk fleirtal låg det inne at om det skal bli ein avtale, vil kommunen ha oppgjer i SKL-aksjar (where they belong). Det meste av SKL sine kraftverk er regulærkraftverk. Dvs. at dei kan tilpassa produksjonen etter kva etterspurnad det til ei kvar tid er i marknaden. Treng vi mykje kraft, så produserer dei det. Treng vi lite kraft så stengjer dei slusene. Etterspurnaden etter slik balansekraft vil auka monaleg i åra som kjem, då resten av Europa legg ned mykje av si kol-, gass-, og atomkraft og erstattar den med fornybar som vind og sol. Me er rimeleg sikre på at denne balansekrafta vil bli meir verdt framover, då dei kjem til å produsera mest då straumprisane er høgast. Mange har kontakt med Vårherre, men eg trur ikkje nokon klarar å få han til å styra fornybarproduksjonen i høve til etterspurnad.

I mange år har KE vore ei mjølkeku for kommunen. Under kommunestyredebatten vart det sagt at i staden for å selja selskapet så må me utvikla Kvinnherad Energi, samstundes som ein tappar selskapet for kapital. Ingen god eigar gjer det. Då er det betre å selja til nokon som vil satsa på distribusjonsnettet i Kvinnherad, og få oppgjer i SKL-aksjar.

Med desse argumenta lagt til grunn meiner eg kommunen skal undersøkja om me kan oppnå dette best med at andre eig nettet, eller om det er best at me eig det sjølv. Difor stemte eg for å undersøkja alternative løysingar for nettet til KE.

Så nokre utfordringar: Kva vil de som stemte annleis i kommunestyret konkret gjera med Kvinnherad Energi mot dei store utfordringane KE står overfor? Kva vil de gjera for at kommunen skal få dei beste nett-tariffane, slik at vi trekker til oss næringsliv i staden for å støyta dei frå oss?

Ein som ynskjer utvikling i Kvinnherad,

Lars Emil Berge

Kvinnherad Høgre

Artikkeltags