«For eit sterkare Kvinnherad!»

Av
DEL

MEININGAR

Kvinnherad Energi står framfor eit viktig val. For å sikra konkurransekraft og regionalt eigarskap, skal nettverksemda til selskapet verta ein del av eit større energikonsern.

Endringa mellom kraftaktørane i vår region er ein del av ei nasjonal strukturendring av heile den norske kraftbransjen. Dette er til det beste for forbrukarar og næringsliv i regionen.

Vi i Haugaland Kraft har dei siste åra stått bak ei rekkje vellukka samanslåingar. Det starta med Sunnhordland Kraftlag, Skånevik Ølen Kraftlag og Finnås Kraftlag. Etter kvart kom også Fitjar Kraftlag og Suldal Elverk med, og vi er no i prosess med Fjelberg Kraftlag. Dette gav oss nye kundar og kompetanse, som gjer det mogleg å tilby kundar og næringslivet i regionen eit sterkare og meir stabilt straumnett, lågare nettleige, tryggare beredskap, samt eit større og betre tilbod av ulike tenester.

Vi er stolte over å halda det vi lovar. Området mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden ligg midt i hjarta av vår verksemd. Kvinnherad vil for Haugaland Kraft vera eit sentrum som vi skal utvikla vidare, på ein berekraftig måte.

Vi har lokalkjennskap til regionen som eigar av regionalnettet i Kvinnherad kommune og området rundt. Med distribusjonsnettet til Kvinnherad Energi kan vi samla ressursane, og styrka både fagmiljø og beredskap i kommunen.

Vi ynskjer at nettavdelinga til Kvinnherad skal ha lokal leiing, ansvar for eige budsjett og stor grad av sjølvstyre. Vi ynskjer også å utvida Hatlestrand-avdelinga og opna ytterlegare ei avdeling for større prosjekt for å styrka fagmiljøet i kommunen og leggja grunnlag for etablering av fleire arbeidsplassar.

Kvinnherad har vore og er ein god vertskommune for Sunnhordland Kraftlag (SKL). Som majoritetseigar i SKL kan Haugaland Kraft gje Kvinnherad Energi ei moglegheit til å vera med på å utvikla kraftselskapet vidare gjennom aksjar og styreplass.

Haugaland Kraft har, i likskap med Kvinnherad Kommune, eit ynskje om eit sterkt nettselskap som er synleg i kommunen. Vi har truverdigheita, erfaringa og eit genuint ynskje om å utvikla næringslivet rundt Hardangerfjorden til det beste for innbyggjarane.

Olav Linga,

konsernsjef i Haugaland Kraft

Artikkeltags