Debatt frå skyttargravene

Av
DEL

LesarbrevLars Emil hevdar eg skulle ha villa «knebla» styremedlemene Lernes/Bakke. Det er stråmannargumentasjon av nedste skuff. Eg har aldri sagt noko slikt. Men som styremedlem er ein først og fremst ansvarleg overfor selskapet sine interesser. (For spesielt interesserte: http://bit.ly/selskapsinteressa). Dette går ikkje å seia seg ueinig si, det ligg svært tungt i norsk rett, og i andre land. Mitt poeng var at når «styremedlemer» tek diverse feilframstilt informasjon, inkl. bedriftsinterninformasjon dei har fått i styret (lausrivne budsjett-tal, påstandar om leiarlønsnivået), og bruker dette til å rakka ned på selskapet og skada det, så har dei ingenting i det styret å gjera. Dette står eg ved. Ytringsfridom har eg ikkje forsøkt å nekta dei. Berre styreplass i KEAS. Det siste er ikkje ein menneskerett.

I løpet av februar har eg kome i diskusjon med to sentrale folk frå «selg-KEAS»-sida. Den eine hevda det var ufint av meg å hevda at Lernes/Bakke burde ut av styret. Men så hevda vedkomande at hen ikkje hadde lese innlegget til Lernes/Bakke! Jaha? Korleis kan hen då sei at det var ufint av meg? Den andre fnyste av motinnlegget til Kjell Enes og sa at dei tilsette tenkte jo «berre» på sine arbeidsplassar! Men så innrømte hen raskt at hen ikkje hadde sett seg inn i kva Enes hadde skrive. Neivisst? Og likevel hevdar hen å vita kva Enes «tenkjer»?

Dette gjer meg sorgtung. Folk er grovne ned i sine respektive skyttargraver og bryr seg ikkje om å lesa andre sine argument grundig. Ein dømmer heller etter person, og konstruerer stråmenn, slik også Lars Emil gjer seg skuldig i. Då blir eg også lei når høgresida antydar at det er dei som argumenterer ut i frå «fakta» og andre baserer seg på «kjensler». Noko også Lars Emil gjer seg skuldig i. Vi har ulikt politisk-ideologisk utgangspunkt, og det gjer at vi ser verda ulikt. Nokre av oss legg mest vekt på fellesskap, på lokal styring og råderett. Andre gjer ikkje det. Det er ei ærleg sak.

I hovudsak tykkjer eg Lars Emil sitt bidrag til debatten er positivt. Det hadde vore kjekt å ha han meir med i politikken, og ikkje berre som «kanonføde» for Høgre i denne for dei upopulære saka.

I neste innlegg skal eg freista drøfta nokre av dei meir saklege argumenta som Lars Emil faktisk kjem med.

Gaute Lund

Kvinnherad Raudt

Artikkeltags