Dømmekraft?

Av
DEL

MEININGARI lokalavisene Grenda og Kvinnheringen, høvesvis torsdag 21. og 22. februar, kan ein lesa eit lesarinnlegg frå Øyvind Lernes og Marit Bakke som representerer partiet Høgre i Kvinnherad kommunestyre.

Dei nemnde kommunetyrerepresentantane er i tillegg valt av kommunestyret som styre- og varamedlemmer i Kvinnherad Energi. Innlegget deira ber tydeleg preg, som eit partsinnlegg i debatten i høve eigarskapsmelding for Kvinnherad Energi. Eit partsinnlegg som i stor grad favoriserer ei side som talar for sal/fusjon av Kvinnherad Energi. Dei nyttar sterke verkemiddel for å synleggjera dette i sitt innlegg. Det er verdt å merka seg at begge representantane er inhabile i behandlinga av nemnde sak i Kvinnherad kommunestyre. Dei er utpeika for å gjera ein jobb som styremedlemmer i Kvinnherad Energi, og skal no etter vedtak i kommunestyret koma attende med tydelege svar på vidareføring av lokalt eigarskap av Kvinnherad Energi. I debatten og ordskiftet knytt til eigarskapet til Kvinnherad Energi, er det uryddig frå styret sine medlemmar å engasjera seg på denne måten.

Hans Inge Myrvold,

varaordførar (Sp)

Hatlestrand 24.02.2019

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags