– Eg skulle ønskja nokon ville fri oss frå terpinga på den såkalla effektiviteten, som eigentleg heiter DEA-resultatet

Av

– Eg er lei av å grava meg inn i NVE-rapportar og -rekneark for å tilbakevisa einaugde framstillingar frå komplett einspora høgrefolk, skriv Gaute Lund i dette lesarinnlegget.

DEL

LesarbrevEg skulle ønskja nokon ville fri oss frå terpinga på den såkalla effektiviteten, som eigentleg heiter DEA-resultatet. Lars Emil Berge gir seg ikkje. Han seier ikkje kva for resultat han ser på, frå kva for år, men eg har studert meg fram til at han ser på tala for DEA trinn 2, i 2018 – der er Kvinnherad Eenergi AS (KEAS) ganske riktig nr. 95 av 109. Eg veit ikkje kvifor han brukar 2018-tal, på 2019-lista er KEAS nr. 89 av 106. Han angriper Ap/SF/MDG for å «bomma på DEA-modellen». Ein skal passa seg for blind steinkasting – særleg i glashus! Lars Emil kallar DEA-resultatet for ei «effektivitetsmåling». Dette avslører truleg total mangel på kjennskap til kva dette er. Det er inga «måling», men ei svært teknisk utrekning. Lars Emil vel eit resultat frå i fjor der KEAS kjem dårlegare ut enn i 2019. «Cherry-picking», vert det kalla.

Vi kjem kanskje ikkje utanom ei kort (og NB! svært forenkla) forklaring: DEA-resultatet vert rekna ut i tre «trinn». Prosenttalet i kvart trinn samanliknar selskapet sitt kostnadsnivå mot eit «mønsterselskap» som er «sett saman» av fleire referanseselskap som er rekna som liknande og «best i klassen». I trinn 1 ser ein på det nettet selskapa faktisk har. Tal km høgspent, tal stasjonar, tal abonnentar. I trinn 2 skal ei regresjonsutrekning kompensera for geografiske forhold: mengd luft- kontra jordkablar, helling (målt på kartet etter ein viss formel), kystavstand, kor langt nord, normal vind, is, snø og temperatur, andel småkraft, luftlinjer i skog o.l. I trinn 3 skjer ei normalisering av kostnadsramma mot faktisk kostnadsnivå, som bl.a. gjer at snitt-resultatet for heile landet vert 100%, men som også kan endra rekkefølgja.

Formuleringa i det aktuelle innlegget frå Ap/SF/MDG var at ein del andre i fylket var «på same nivå eller dårlegare». Finnås og Kvam ligg eit stykke framfor, men formuleringa var «på same nivå». Alle dei tre andre er bak Kvinnherad i trinn 1, og like omkring (framfor eller bak) i trinn 2 og 3. Hovudpoenget er likevel ein kritikk mot å bruka DEA-resultatet feil.

Poenget står fast: Lernes snakka i breie ordelag om at selskapet er «blant dei minst effektive i landet». Det er faktisk ikkje grunnlag for ei slik svartmaling basert på NVE sine rapportar. Viss du ikkje ein gong forklarer omgrepa du bruker, blir dette ureieleg. Alt for enkel bruk av NVE sine tal fører berre til avsporing. I tillegg bruker ein gamle 2018-tal og underslår at KEAS allereie har sett inn tiltak for å styrka DEA-resultatet i 2019 og vidare framover.

Kan vi ikkje la desse tinga liggja? Ingen av oss kan påstå at vi skjønar desse tala fullt ut likevel? Eg er einig i at selskapet truleg må omstilla seg i framtida – slik det har gjort før. Det bør leita etter korleis det kan effektivisera, noko selskapet alt gjer. Men eg er lei av å grava meg inn i NVE-rapportar og -rekneark for å tilbakevisa einaugde framstillingar frå komplett einspora høgrefolk.

Det er EIN trykkfeil i innlegget frå Ap/SF/MDG. Ein stad det står «trinn 2 i 2018» skulle det stått «trinn 3 i 2019». Det er herved korrigert. Vi merkar oss at denne feilen ikkje vart sett av Lars Emil heller. Dette er kompliserte ting og vi forstyrrar berre debatten og kjedar publikum ved å slå kvarandre i hovudet med desse tinga. Lars Emil framstår ærleg og reieleg, i motsetnad til andre, så eg ser fram til å debattera med han i andre innlegg – som kjem.

Gaute Lund

Kvinnherad Raudt

Artikkeltags