Feil og forvrenging om Kvinnherad Energi

Av
DEL

Ø. Lernes og M. Bakke skriv om Kvinnherad Energi (KE). Innlegget etterlet ingen tvil om at Høgre alt har bestemt seg for sal eller «fusjon» av KE: Dei stiller ein del krav som dei veit er umoglege å innfri.

Dei skriv mykje merkeleg. Dei omtalar «effektivitet» og at KE «er eit av dei minst effektive nettselskapa i landet». Det heiter eigentleg «DEA-resultat», og er ein svært teknisk indikator som vert rekna ut av NVE etter intrikate reglar. Meir rett: «KE har eit DEA-resultat i trinn 2 på 82% i 2018». Lernes/Bakke skriv upresist og gjev feilaktig inntrykk av at KE er generelt ineffektivt. Og det er direkte feil å påstå at DEA-resultatet er blant dei dårlegaste i landet: Berre i vårt fylke er bl.a. Austevoll, Finnås, Fusa, Kvam og Voss på same nivå eller «dårlegare». I kommunestyremøtet i januar la KE fram nye tiltak for å betra DEA-resultatet. Og: For sterkt fokus på DEA-resultat fører til dårleg styring.

Det blir skapt eit inntrykk av at KE har brote reglar ved å krevja inn «for mykje» nettleige. Dette er tvert i mot heilt normalt: Kor mykje inntekter KE «burde ha» blir rekna ut i etterkant, og har dei hatt «meirinntekt» så blir dette ført tilbake gjennom redusert nettleige. Kor summen på 10 millionar kjem frå er vanskeleg å skjøna, men det har uansett akkumulert seg over fleire år, ikkje i 2018, og no vert det ført tilbake. Lernes/Bakke får dette til å sjå suspekt ut. Men det er altså slik bransjen og reglane fungerer.

Lernes/Bakke påstår «berekningar» syner at ein «må kutta kanskje 1/3 i drift og vedlikehald». Kor kjem dette frå? Det er klart at investeringar i nettet, digitalisering m.m. kan føra til færre arbeidsplassar til drift og vedlikehald. Men det er ikkje «berekna».

Lernes/Bakke seier BKK/Haugaland Kraft freistar med at det skal tilførast nye arbeidsplassar. «Den moglegheita har ikkje Kvinnherad Energi.» Dette er å snu alt på hovudet. Det er ikkje mogleg å få reelle garantiar for desse ønske-arbeidsplassane. Derimot skapte KE Kvinnherad Breiband, som i dag har tolv arbeidsplassar og går med overskot. Breibandutbygginga har også gagna næringslivet i heile kommunen. KE kan absolutt koma til å bidra med nye arbeidsplassar også i framtida. Men det kjem veldig an på korleis det blir styrt.

Dei ber til slutt om at selskapet skal få «normal effektivitet», BKK-nettleige, «normal avkastning» og bevara arbeidsplassane. Men alle skjønar at dei då stiller opp heilt umoglege krav. Vi kjem truleg til å ha litt høgare nettleige, og tilsette kan bli færre. Til gjengjeld kan vi styra selskapet sjølv til beste for kommunen, bl.a. for å skapa vekst.

Vi undrast over at to styremedlemer går ut med påstandar som vrenger på informasjon og framstiller ting i eit nær suspekt lys. Mykje er informasjon dei har tilgang til i kraft av å vera styremedlemer. Dei har nett fått i oppdrag av kommunestyret å koma med ei utgreiing om stoda i selskapet, og framtida. Slik Lernes/Bakke skriv i sitt innlegg så har vi liten tillit til deira rolla i eit slikt utgreiingsarbeid.

Ein kan også undrast over kvifor H/KrF/Frp/V har det så travelt med å selja eller «fusjonera». Dei tilsette seier dei er kjent med utfordringane som kjem og at dei skal klara omstilling. Då må vi politikarar gje dei tillit, i staden for å koma med meir eller mindre usanne påstandar om verksemda, noko som stikk kjeppar i hjula for ei god utvikling. KE vil truleg inngå samarbeid og avtalar med andre. Då er det svært beklageleg at styrerepresentantar i selskapet kjem med påstandar som svertar trua på KE og gjer det vanskeleg å inngå slike avtalar.

Dersom det om nokre år skulle visa seg at KE ikkje evnar omstillinga på ein måte som gjer at det blir uforsvarleg overfor innbyggjarane å halda fram drifta i eigen regi, så vil BKK og andre vera like interesserte som i dag, og vi vil ha dei same forhandlingskorta på handa. No bør vi stå samla om å bevara KE i eigen regi og ikkje setja i gang ein prosess som svertar selskapet på ein måte som ingen andre enn dei som vil overta det er tent med.

Bernth Harry Eliassen, Kvinnherad Ap
Hege Lægreid Røssland, Sosialistisk Fellesliste
Svein Ingvald Opdal, Kvinnherad MDG

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags