«Politikarane som ikkje følgjer spelereglane for fair play, burde fått raudt kort og blitt bortviste frå den politiske arenaen»

Av
DEL

MEININGARAlle landets ordførarar har gitt eit felles valløfte om å oppføra seg anstendig i valkampen. Det burde ikkje vore nødvendig med denne type erklæringar, og politikarane som ikkje følgjer spelereglane for «fair play», burde fått raudt kort og blitt bortviste frå den politiske arenaen.

I Kvinnheradspolitikken er det også behov for å rydda opp. Det er veldig trist at vår fremste politiske leiar, ordførar Peder Sjo Slettebø, ikkje orkar å halda fram i vervet fordi personar på folkevalt nivå over tid har valt å ta mannen og ikkje ballen. For Peder sin del trur eg han føler det ekstra tungt at kollegaer i kommunestyret sår tvil om hans motiv og arbeidsmetodar. Kritikken han har fått i samband med val av rådgjevarar i ulike saker er også skyts mot feil person, ikkje minst fordi det er kommunedirektøren sitt ansvar å velja ut rådgjevarane som kommunen nyttar seg av.

Det at ein ung og svært dyktig ordførar ikkje orkar lenger, er eit signal om at samarbeids- og debattklimaet i politikken i Kvinnherad er på villspor. Taparen oppi det heile er først og fremst alle som bur i kommunen, men samfunnsdebatt på denne måten vil også gjera det vanskelegare å få folk til å engasjera seg i politisk arbeid.

Sist eg høyrde Peder i aksjon, var onsdag i sist veke under opninga av Årskonferansen til Distriktsenergi i Rosendal (dagen før han melde frå om at han ikkje held fram som ordførar). 230 deltakarar frå heile landet fekk her høyra ein særs godt førebudd og engasjert ordførar. Som alltid marknadsførte han Kvinnherad på ein framifrå måte. Ikkje rart at applausen etter talen hans var lang og ekte. «De er heldige som har ein slik dyktig og engasjert ordførar til å representera kommunen», var det mange som sa til meg etter talen.

Peder og eg har ikkje vore samde i alle saker, og vi har også hatt nokre tøffe klinsjar. Vi har derimot alltid klart å leggja ting bak oss, og skværa opp når det har vore naudsynt. Dette gjer at eg alltid har hatt stor tillit og respekt for Peder. Politiske talent som han er det så altfor få av i kommunen vår, ja, i landet elles for den saks skuld.

Det er dessverre ikkje berre ordføraren vår som har opplevd bakhaldsangrep og sklitaklingar i lokalpolitikken i Kvinnherad. Både underteikna og ein annan politikar frå MDG har opplevd dette i Kvinnherad Energi-saka. For min eigen del er det snakk om trakassering og utidig press både frå politikarar og andre. Hadde dette skjedd på ein vanleg arbeidsplass, ville det vore klare brot på Arbeidsmiljølova. For meg har det gått på helsa laus, og eg vil be alle politikarar om å ta til seg det kommunedirektøren sa om temaet på sist kommunestyremøte.

Dei politiske partia må no rydda opp i ukulturen, og setja opp reglar for kva som er innanfor og kva som er utanfor det akseptable i den politiske debatten. Fleire politikarar må visa meir respekt når dei debatterer, uavhengig om dette skjer i politiske møte, i lesarinnlegg, eller i sosiale medium. Vidare må vi alle bli langt flinkare til å skryta, og gi kvarandre positive tilbakemeldingar når det er fortent.

Til slutt vonar eg at veljarane tenkjer seg ekstra godt om før dei stemmer ved valet til hausten. Stem inn dyktige og engasjerte kandidatar som evnar å oppføra seg anstendig. Det er dei vi treng i Kvinnherad kommunestyre. Ha eit godt val!

Knut Førland

MDG-ar og vararepresentant til kommunestyret

Artikkeltags