«Svar til Wivian Markhus: Vi kan ikkje bruka tid på humørlaus sårskap og konspirasjonsteori»

Av
DEL

MEININGAR

Vi viser til innlegg frå Wivian Markhus, som ikkje veit om ho skal le eller grina av ein Facebook-tråd som vart starta av ordføraren 1. juni, under årets Champions Leauge-finale. Vårt forslag er at ho kan le av det. Det er alltid kjekkare å le enn å grina.

For dei som ikkje kjenner til innlegget, og tråden etterpå, er det berre å gå inn og lesa. Det var eit retteleg artig innlegg, som drog vekslar på ei nyleg politisk sak i Kvinnherad. Eit par av oss andre som var til stades heiv oss på, og spelte vidare på analogien. Ein skal ha meir enn alminneleg sur mage for å asa seg opp over innlegget og tråden. Det synest det òg som om det var særs få som gjorde.

Vi to underteikna, som i Markhus sine augo ikkje kan ha tillit, tilhøyrde mindretalet i forsamlinga, ved at Tomas heiar på Tottenham og Bjarte nektar å røysta Høgre. Vi var difor «usamde i prosessen» fram mot Peder sitt «vedtak». Tok du han? Markhus tok han openbert ikkje.

Markhus rotar saman mykje grums om Fjelberg Kraftlag og rådmannssak og greier, og synest altså å meina at vi er eit slags «undercover»-nettverk som mjølar kaka til ordføraren. Det er feil, og vi kan ikkje bruka tid på humørlaus sårskap og konspirasjonsteori. Vi er ein gjeng med karar som har reist på tur saman i årevis (og lagt det ope ut på Facebook med tagging og det heile). Mange av oss ser kvarandre sjeldan, så dette er alltid kjekt. Vi har alle våre meiningar om mangt og mykje, og diskusjonane kan gå høgt. Når det gjeld politiske sympatiar blant gjengen, er truleg nesten heile partispekteret representert. Saka om Kvinnherad Energi bryr dei fleste av oss seg berre måteleg om, men vi synest alt ståket har vore løye å følgja med på. Peder sitt innlegg var i så måte ei lissepasning til to «kommentatorar». Vi hadde mykje moro med det.

Wivian Markhus rår til at ein tar på seg polvottar når det kjem øl eller vin på bordet. Sikkert eit godt råd, det. Til informasjon var vi ikkje fulle då vi skreiv kommentarane. Derimot var vi blitt ganske mygla på det tidspunktet Wivian Markhus sine surmaga kommentarar i tråden hadde ramla inn, og avstod difor frå å kommentera dei, trass i at den siste var rimeleg stygg.

Til dei som er interesserte: Les Facebook-innlegget og tråden! Og du: Det er lov å le!

Bjarte Døssland og Tomas Bruvik

Artikkeltags