«Rådmannssaka»: – Me vonar at dei tek lærdom av dette

Av
DEL

MEININGARTre politikarar frå Høgre hadde ein uttale i Kvinnheringen 25. mars om «rådmannssaka».

Der skriv dei at dei er ueinige i kritikken retta mot ordføraren i rapporten frå Deloitte. Vidare skriv dei at ordføraren har deira fulle støtte for måten han handterte saka på.

«Rapport etter gjennomgang av prosess vedrørande sluttavtale for tidlegare rådmann» er lagt fram i kontrollutvalet og kommunestyret av Deloitte. Der blir det vist til at prosessen ikkje var god nok på blant anna faktagrunnlag, dokumentasjon, møtekultur, offentlegheit og kommunikasjon.

Dette må ordføraren og andre politikarar frå Høgre ta inn over seg og visa at dei ikkje har manglande forståing for det Deloitte har konkludert med. Me vonar at dei tek lærdom av dette.

Clara Hveem,

Leiar Kvinnherad Senterparti.

Artikkeltags