«Ordførar: Eg er svært bekymra»

Av
DEL

MEININGAR

Kvinnherad har dei siste fire åra investert i fleire store nye byggjeprosjekt. I tillegg har me eit næringsliv som satsar og investerer stort i kommunen. Dette er svært positivt for alle kvinnheringar. Også positivt med Kvinnherad sin bompengepakke som ein no er i gang med og som me ser resultatet av.

Eg er likevel bekymra ut i frå følgjande:

Lånegjelda aukar drastisk og nedbetalingstida er utvida dei siste åra. Drifta er høg, og ein nyttar store fondsinntekter og salsinntekter rett inn i drifta meir enn nokon gong før. Renta aukar. Usikkerheit med pengar frå Fjelberg kraftlag. Kvinnherad energi, usikkert kva som skjer her. Store investeringar er vedtekne, men ikkje er fullfinansierte. Kollektivknutepunkt i Rosendal – kva er budsjettert her tru, og kva endar sluttsummen på? Det same med Aksen. Her lyt eg kommentera frustrasjonen min. Her byggjer ein om eit gammalt bygg i staden for å byggja nytt. Berre for at nokon var redd bygget skulle verta ståande tomt, eller at eit nybygg kunne verta eit nytt rådhus. Her hadde Kvinnherad ein sjanse til å laga eit godt fundament for regionsenteret Husnes, og byggja eit heilt nytt moderande bygg til ein lågare pris. Med parkeringsplass, leilegheiter og mogelegheiter for framtida. Den gang ei.

Ein har skore drastisk ned på drifta innanfor teknisk avdeling dei siste fire åra. Bygningsmassen aukar og eldest år for år. Det same med dei kommunale vegane. Dette krev jo meir pengar til drift og vedlikehald, ikkje mindre. Kva tid vil ein leggja inn realistiske driftsmidlar?

Elles når eg les referat frå avisene ser det ut som den økonomisk talsmannen for høgre si gruppe alltid er optimistisk uansett når det gjeld pengebruk.

Eg kan forstå at ordføraren er positiv til mange prosjekt som nå dukkar opp, det er då val-år, men skal og kan pengebruken forsetja slik? Alt skal betalast av innbyggjarane. Med denne investerings- og lånetakten er eg redd me køyrer i grøfta og det endar med dobling av eigedomsskatten. Kven står då fram og tek ansvar? Det verkar som ein har uavgrensa med pengar for tida.

Satsar på at den nye kommunedirektøren kvalitetssikrar pengebruken, slik at ikkje fylkesmannen kjem inn og lyt overstyra.

Håpar at bekymringa for økonomien er heilt unødvendig og at ein har full kontroll i eit val-år.

Øyvind Hardeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags