Pass på lensmannskontoret

Av
DEL
MEININGAR:iv>

Johs. Bondhus hevdar i eit lesarbrev at ordføraren ikkje bør nytta tida på ei fillesak som utskriving av pass ved Kvinnherad lensmannskontor. Eg er ikkje samd med Bondhus i at dette er ei fillesak, og vil grunngje det kort. Eg er likevel samd med Bondhus i at det er naudsynt å gjera tiltak for å hindra falske pass, og det er på bakgrunn av dette Justisdepartementet har vedteke ein stor reduksjon av passkontor i heile landet. Grunngjevinga for dette har hovudsakleg vore at dersom ein skal ha god nok tryggleik og kvalitet på utskrivinga av pass, bør alle passkontor skriva ut minimum nokre tusen pass kvart år. Norske pass har i seinare tid også fått kritikk av internasjonale styresmakter. Mange stader i landet var kvaliteten på passutskrivinga for dårleg. Dette var likevel ikkje situasjonen i Kvinnherad. Lensmannskontoret på Husnes skriv årleg ut om lag 1.000 pass, og det har ikkje vore noko å utsetja på kvalitet eller tryggleik der i garden. For å tilfredsstilla nye krav var det også berre mindre tiltak som eventuelt måtte gjerast i politiet sine lokale på Husnes. I Kvinnherad sitt tilfelle var det ikkje gode nok argument for å legga ned passfunksjonen.

Eg er, til liks med Bondhus, oppteken av eit sterkt lensmannskontor i Kvinnherad. Politiet gjer ein god jobb, og i ei tid der vi uavhengig av regjering og storting opplever sentralisering av stadig fleire tenester, må vi vera vakne når det kjem forslag om reduksjon av lokale tenestetilbod. Reduksjon av tenester og funksjonar ved lensmannskontoret kan i verste fall svekka kontoret over tid. Dess mindre eit lensmannskontor inneheld, dess enklare vert det for styresmaktene å argumentera for ytterlegare reduksjonar. Det må vi unngå i Kvinnherad. Vi har eit godt politi med gode resultat. Som ordførar er det mi plikt å stå opp for tilbod og tenester i Kvinnherad, og arbeida det eg kan for at vi i det lange løp skal kunna behalda og vidareutvikla viktige funksjonar. Passfunksjon ved lensmannskontoret handlar difor om meir enn berre pass, og var difor etter mi vurdering verdt å nytta tid på.

Peder Sjo Slettebø

Ordførar (H)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags