Det kunne vore deg

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Alle har ei psykisk helse, og dei fleste vil ein eller annan gong i løpet av livet kjenna på angst, depresjon eller noko anna, skriv ei som ønskjer å vera anonym i dette lesarinnlegget.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det kunne ha vore deg, som sat her ved sidan av meg. Det kunne ha vore naboen i tredje etasje som sat her. Og det kunne vore kollegaen din, læraren, dama i kassa på butikken, rett og slett kven som helst. Alle har ei psykisk helse, og dei fleste vil ein eller annan gong i løpet av livet kjenna på angst, depresjon eller noko anna. Det skal ikkje vera tabu eller stigmatiserande å vera sjuk, verken psykisk eller fysisk. Men dessverre opplever mange det. Eg har møtt veldig mykje forståing og aksept for min sjukdom. Dei aller fleste har framleis villa hatt kontakt med meg, sjølv etter eg blei sjuk.

Dei næraste har visst lenge at eg har vore sjuk, men eg har også mista nokon langs vegen. Eg har både familiemedlemmer og vener, som ikkje ville ha kontakt med meg fordi det blei for mykje for dei. Dei orka ikkje ha nokon som var/er så sjuk i sin omkrins. Det blei for mykje for dei. Og det har eg akseptert.

Eg skjønar veldig godt at det kan verta for mykje for enkelte. Det er ikkje noko lett å ha nokon i sin kjennskap/familie/venekrins som er sjuk. Som gong på gong må sjå at personen fell, som gong på gong ser at personen prøver å skada seg sjølv eller prøver å ta livet sitt. Eg har sjølv fleire i min omkrins som er psykisk sjuke. Så eg har opplevd å vera på begge sider. Det er knalltøft. Det å sjå at nokon ein er så glad i har det vondt, og kanskje så vondt at dei ikkje orkar å leva meir. Kva gjer ein då? Korleis oppfører ein seg rundt den gjeldande personen?

Fleire vel å sjå ein annan veg, prøver å lata som ingenting eller kuttar kontakten heilt. Dei veit kanskje ikkje korleis dei skal forholda seg til deg. Dei tenkjer kanskje at du har nok personar rundt deg, og at det ikkje er nødvendig at akkurat han eller ho skal gjera noko, eller at dei tenkjer at du treng fred, og at det ikkje blir betre av at folk masar.

Det er mange som «står i det», som prøver å gjera kva som helst for å hjelpa, gong på gong. Uansett kor tungt det er og kor mykje det tærer på relasjonen. Dei ringjer legevakta for å hjelpa, dei ringjer AMK/legevakta når livet står i fare. Og dei held godt rundt deg, når tårene trillar og du ikkje maktar meir.

Tusen takk til dykk som held ut med oss, som lyttar og forstår, som prøver å hjelpa på alle moglege måtar og som aksepterer oss for den vi er (både med og utan sjukdom.)

«Elisabeth»

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken