Rådmannssaka: «Mellom andre SF sytte for at informasjonen aldri kom fram, ved å føreslå avslutning utan debatt»

Peder Sjo Slettebø svarer på kritikken frå SF i dette innlegget. (Arkivfoto).

Peder Sjo Slettebø svarer på kritikken frå SF i dette innlegget. (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR

Eg viser til lesarbrev frå Hege Lægreid Røssland (SF). Forut for kommunestyremøtet 28.03 var det kjent for fleire av politikarane at økonomisjef Mogren hadde uttalt i Kvinnheringen dagen før (sak om Folgefonnsenteret) at rådmannen må ha vore kjent med låneavtalen med Folgefonnsenteret på det tidspunktet eg spurde han. Dette hadde vore det sentrale momentet i ei avskilssak i samsvar med både underteikna og advokatane sin hypotese.

Denne synte seg altså å stemma.

Deloitte har kritisert formannskapet si avgjerd om å inngå ein sluttavtale på 1,2 millionar kroner med rådmannen utan nærare kunnskap, ein kritikk opposisjonen ikkje har vore oppteken av å kommentera. Informasjonen om økonomisjef Mogren sin kunnskap ville ha kome fram under kommunestyret. Mellom anna SF sytte for at informasjonen aldri kom fram, ved å føreslå avslutning utan debatt.

Kommunen kunne vore spart både etterlønn og konsulentkostnadar om formannskapet hadde gått vidare med undersøkingar. Informasjonen som ville kome fram i ein debatt i kommunestyret ville ha synt at SF sin kritikk er feilaktig på vesentlege punkt. Den ville også synt at rådmannen si reinvasking av seg sjølv ikkje har rot i røynda. Eg forstår at SF ikkje ynskte dette debattert i kommunestyret.

Peder Sjo Slettebø,

Ordførar.

Artikkeltags