Drittfjernsyn

Av
DEL

MEININGAR:Når ein slår på fjernsynet morgon eller kveld så kjem sjølvsagt dei viktigaste nyhenda først, og det er drapa, alt til minste detalj. Korleis ungane har opplevd det, kven som skaut, kor vart våpenet av, om liket hadde lege lenge her eller der, om alle delane er på same stad o.s.v.

I alle slike saker får me servert fjollejournalistane sine intelligente spørsmål til dei som har noko å fortelje, med mikrofonen opp i fjeset på ordførar, lensmann og prest. Det går gjerne på kva du syns om dette, korleis har folk det, er det vondt for bygda m.m. Og masse bilde av heimane.

Etter nokre minutt ut i sendingane får me tullpratet om det som ikkje er så viktig i Noreg og verda elles. Eg går ut frå at lesarane skjønar poenget. Sjølvsagt skal det med i nyhenda, ikkje minst der politiet er ute etter opplysningar, og der det kan vera fare for andre som t.d. ved større terrorfare. Der er politiet altfor redde for å gå ut med kjenneteikn på eventuelle gjerningspersonar. Men så kan journalistane halde kjeft, me treng ingen referat frå rettsaka i minste groteske detalj. Då kjem advokatane inn og skal profilera seg, all reklame er god reklame. Der er vel pårørande som ser på dette?

Dersom så ille skulle skje at slikt hender her og eg skulle fått desse tullingane på besøk, så vil eg svara: «Ja, detta var skikkeleg kjekt å få media interessert i bygda vår, og så kan de dra til h----- heile gjengen».

Johs. Bondhus

Artikkeltags