«Vil me vera med å bestemma over ei felles framtid i Vestland fylke?»

Av
DEL

MEININGARJa, seier dei fleste av oss, i kor! Fylkeskommunen får berre større og viktigare oppgåver no med den nye regionreforma. Det dreier seg m.a. om desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunen, t.d. næring, innovasjon og forsk­ning, kompetanse, integrering, kultur, folkehelse, samferdsle, klima og miljø. Merk at dette òg betyr nye arbeidsplassar og kompetansebygging på Vestlandet. Korleis skal me kunna medverka til denne utviklinga?

Overskrift til artikkel i kvinnheringen.no 16. sept: «Ingen kvinnheringar i fylkestinget: – Må i komande periode ha god kontakt med naboane»

Så sant, så sant. Det å bli gløymt er ikkje stas når den nye verda skal formast!

Synnøve Solbakken blir i artikkelen referert slik:

«Stord og Jondal er den nærmaste representasjonen, så Kvinnherad må i komande periode ha god kontakt med desse nabokommunane, kommenterer Solbakken». Kva ho meiner med «nærmaste» veit eg ikkje, men for meg blir argumentasjonen heilt feil. Gamal tenking og gamle strukturar står for fall og nye kommunikasjonar vil kunna endra mykje på måten me oppfattar omverda på. Og nabokommunane er ikkje lenger det dei var. Nokre kvinnheringar tenkjer vel mest på Stord som Nabokommunen (med stor N) i og med at mange har størst kontakt den vegen. Men det kunne kanskje vore ein idé å nyorientera seg noko i landskapet etter valet og kommunereforma?

Det burde t.d. ikkje vera vanskeleg å definera kva kommunar som er våre nabokommunar framover. Viss definisjonen er felles grense på land eller i sjø, så er det vel desse: Etne, Vindafjord (Rogaland fylke), Sveio, Stord, Tysnes, Bjørnefjorden (Fusa og Os), Kvam, Ullensvang (Odda, Jondal og gamle Ullensvang). Utan at eg vågar å seia at eg har full oversikt, så kjenner eg i alle høve til fleire nye fylkestingsfolk frå dette nabolaget enn dei frå Stord og Jondal som Synnøve Solbakken viser til:

Etne:

• Mette Heidi Bergsvåg ­Ekrheim (Sp).

Ullensvang:

• Gunnar Moland (H) bur i Odda og har også bustad i Kvinnherad.

• Terje Kollbotn (Raudt) bur i Odda.

• Sigrid Brattabø Handegard (Sp) bur i Jondal.

Kvam:

• Natalia Golis (MDG) blir truleg fylkesvaraordførar.

Stord:

• Sigbjørn Framnes (Frp).

• Svein Halleraker (H).

• Per Jarle Valvatne (Ap).

Det er m.a. alle desse åtte frå nabokommunane våre me bør halda tett kontakt med. Flott at dei er frå så mange parti! Då kan me byggja fleire relasjonar og større nettverk. Men framtida til kvinnheringane er for viktig til at berre kommunepolitikarar og administrasjon skal ta ansvar for dette. Her må me alle hjelpa til fram til neste val og vidare med! Også dei to som no avsluttar den sterke fylkestingsinnsatsen sin, Benthe Bondhus (Sp) og Synnøve Solbakken (Ap).

Einar Holsvik, tidlegare fylkestingsrepr. (H)

PS: Viss nokon meiner at Kvinnherad burde hatt større makt i Vestland Fylke om nokre år, så kunne det gjerne vera ein idé å vurdera Folgefonn Kommune med 25 tusen innbyggjarar som alternativ til den forkasta ideen om ein Stor-Stord-kommune?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags