I Kvinnherad har det dei siste fem åra vore 25 bygningsbrannar og seks branntillaup. I tida fram mot jul aukar risikoen for bustadbrann.

– Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å testa røykvarslarane dine, og byt batteri på røykvarslardagen 1. desember, seier leiar for førebyggande, Øyvind Ousdal, i Kvinnherad brann og redning i ei pressemelding.

Branntryggleik

Røykvarslardagen er eit fleirårig samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Det lokale eltilsyn, brannvesenet og Gjensidige, og går av stabelen torsdag 1. desember.

– Alle kan bli betre til å tenka branntryggleik. Det viktigaste du kan gjera for branntryggleiken i heimen, er å sjekka at alle røykvarslarane i bustaden fungerer som dei skal, og at dei kan høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka, seier Ousdal.

Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje.

«Desse bør testast jamleg, og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det klart beste er å ha seriekopla varslarar. Det er fleire forskjellege typar varslarar. Nokre har ein testknapp som ein kan trykkja på for å sjekka om det kjem pipelyd, andre har eit brannalarmanlegg som seier frå automatisk viss ein må byta batteri. Finn ut kva type du har heime, test varslaren og byt batteri viss det er behov for det», står det å lesa i pressemeldinga.