Omvikdalen skule har for liten plass – Rådmannen føreslår ekstrabygg til klasse- og grupperom

Omvikdalen skule har kapasitetsproblem. Her ser du nokre av dagens 92 elevar. Dei neste åra vil elevtalet auka til 99, og då kan skulen bli definert som full.

Omvikdalen skule har kapasitetsproblem. Her ser du nokre av dagens 92 elevar. Dei neste åra vil elevtalet auka til 99, og då kan skulen bli definert som full.

Artikkelen er over 1 år gammel

Omvikdalen skule har hatt auke i elevtalet dei siste åra, og det er trongt om plassen. Rådmannen føreslår å utvida med ekstrabygg.

DEL

Måndag skal Levekårskomiteen behandla sak om endring av skulekrinsgrenser, og i den samanhengen må politikarane vurdera kva ein skal gjera med situasjonen på Omvikdalen skule. Skulen har hatt auke i elevtalet dei siste åra, og denne auken vil fortsetja. Skulen har kapasitetsproblem, og kan bli definert som full. Elevtalet vil auka til 99 elevar, og i tillegg til trongen for større og fleire klasserom, vil det vera trong for spesialrom til undervisning, står det i saksførebuinga til Rådmannen. Forskrifta om skulekrinsar i Kvinnherad kommune legg opp til at elevane kan gå på andre skular enn nærskulen når det oppstår kapasitetsproblem. Rådmannen ser for seg tre løysingar på kapasitetsproblemet:

● At kommunen byggjer eller leiger to brakker eller ein slags paviljong til nye klasse- og grupperom

● Å endra kringsgrenser, slik at dei 12-13 elevane som bur i Lundsneset går inn i klassar ved Malmanger skule

● At 7. trinnet ved Omvikdalen skule vert flytta over til Malmanger skule. Ved Malmanger skule ville det då frå hausten 2018 blitt 24 elevar på 7. trinnet. Desse elevane skal gå saman på ungdomstrinnet på Rosendal ungdomsskule frå skuleåret etter.

Best med ny paviljong

Då Kvinnheringen var på skulen, snakka vi med nokre elevar som trivst godt på skulen, og som trur eit ekstra bygg eller paviljong vil bli bra.

– Vår klasse er den største på skulen, med 18 elevar. Vi har grei plass i klasserommet, men 1. klasse har for lite plass. Der er det trongt, seier Aksel Kristian Hass (8).

Han, Elias Ekeland Myklebust (7), Maren Smaamo (7) og Liam Prestnes (7) trur det er betre å få opp brakker eller ein paviljong i staden for å flytta elevar frå Omvikdalen til Malmanger skule eller Rosendal ungdomsskule.

– Vi trivst veldig godt på Omvikdalen skule, og det er jo her vi har venene våre.

I innstillinga til Levekårskomiteen meiner Rådmannen at det beste vil vera å gå for forslaget om å byggja eller leiga brakker/ekstra bygg, og at dei skal stå så lenge det er behov. Kostnadskalkyle for oppføring av eit permanent bygg er 1,8 millionar kroner. Leigeavtale med firma som leiger ut tilsvarande modular må gå over 5 år, og då er leigeprisen 1,45 millionar for fem år.

«På sikt kan det vera aktuelt å ta dei to bygdene med på råd om det kunne vore aktuelt å få ein ny felles skule for heile området ein eller annan stad mellom Omvikdalen og Rosendal. Rådmannen ser for seg at tida kanskje ikkje er moden for det no, og legg såleis fram eit forslag til vedtak om at kommunen leiger/kjøper brakker til Omvikdalen skule» heiter det i sakspapira.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags