For oss som set pris på bøkene til hedmarkingen, er det ikkje så overraskande at Henriksen også er reisande i musikk. For det er mykje musikk og mange slags klangbotnar i bøkene hans. Musikalsk, litterær standup høyrest forlokkande ut, og forfattaren kjem til Festsalen i følgje med to musikalske støttekontaktar: Trommeslagar Finn Lilleseth og bassist Morten Andreassen. Sjølv trakterer Henriksen vokal og gitar.
Levi Henriksen er altså både forfattar og musikar. Ein gong fekk han spørsmål om kva han ville ha svara – med ein revolver mot tinningen – på spørsmålet: Er du musikar eller forfattar?
«Skyt», kom det frå Henriksen.
Musikalsk, litterær standup
I presseskrivet om showet blir det ikkje lova svar på musikar eller forfattar-spørsmålet. Men publikum vil truleg få høyra litt om 87 refusjonar, over 30 utgitte bøker, og ti plater. Vidare om skremmande opplevingar som skodespelar i Bent Hamers film «Hjem til jul», basert på Henriksen si novelle «Bare mjuke pakker under treet».
«Mest av alt får me høyra om kva som får Henriksen til å tikka både som forfattar og musikar, og den lange vegen frå å vera ein liten pinsevengut med litt for stort hovud frå ei lita hillbillybygd utanfor Kongsvinger, til å bli ein av landet sine mest folkekjære forfattarar og særeigen rockepoet».
Vanlegvis turnerer Henriksen med ein breibeint rockekvintett i Tom Petty & The Heartbreakers ånd, men denne gongen er det altså som trio: Levi Henriksen & The Babylon Two.
Namnet er inspirert av Henriksens største musikalske helt, Johnny Cash, som reiste med The Tennessee Two i starten av karrieren si.
Kva tre Kaizers-låtar er det Rune Solheim trommar korte smakebitar frå i denne videoen? Svarar du rett, er du med i trekkinga av to billettar til ein valfri Kaizers-konsert i Bergen i desember! Send svara til [email protected], og merk eposten med «Kaizers». OBS: Svarfristen er fredag 8. september klokka 12.